Final Fantasy VII blir web-serie

Fanprosjekt ber om folkestøtte på Kickstarter.

Om ein skal snakke om spel som har makta å få ein legendarisk status kjem ein ikkje unna Final Fantasy VII. Det japanske rollespelet frå 1997 har fått ein heilt spesiell posisjon blant spelarane, og det var Square Enix – på den tid Squaresoft – sitt første store rollespel på PlayStation. Serien hadde vore populær før den tid, men det var først då den tok av.

No har ein gjeng blodfans bestemt seg for å lage ein serie ut av spelet, og har starta ein Kickstarter-kampanje for å få det til. Målet er å lage fleire sesongar på fem eller seks episodar, der kvar episode er på omlag 15 minutt.

Konseptillustrasjon frå web-serie-prosjektet.

Lang erfaring

Teamet blir fronta av Gionata Medeot som stod bak ein konsepttrailer frå i fjor som har gått si runde på Youtube. Han har samla saman ei rekke folk med erfaring frå både film og spel. Folk som har hatt diverse roller under produksjonen av filmar som Harry Potter, The Green Lantern, Kick-Ass og Scott Pilgrim vs the World er med.

Mest merkbart er derimot eit samarbeid med Team 2X, ein gjeng som har laga fleire imponerande kortfilmar fulle av spesialeffektar og avansert koreografi som burde passe godt inn i ein Final Fantasy VII-serie.

Det store spørsmålet er sjølvsagt om Square Enix vil la prosjektet leve. Store selskap har ein tendens til å sende advokatar etter folk som nyttar eigedommar, men dette seier ikkje teamet noko om. Dei hevdar derimot at dei har sikra seg retten til å bruke musikken frå spelet, og dette er i så fall eit godt teikn for prosjektet.

Om prosjektet når målet sitt på 400 000 dollar vil dei første episodane bli tilgjengelege gratis om eit års tid.

Les også: Tilbakeblikk: Final Fantasy VII Les også: Nå er Final Fantasy VII tilgjengelig på Steam

Siste fra forsiden