Førstepersonsskrekk har fått dato

Outlast blir ei nifs oppleving.

I fjor haust kunngjorde Assassin's Creed, Splinter Cell og Uncharted-veteranane i Red Barrels skrekkspelet Outlast. I dette spelet tek du på deg rolla som ein freelancejournalist som tek turen inn i eit nyleg opna galehus. Det heile går naturlegvis frykteleg gale, og du må gjere det du kan for å overleve.

Spelet har no fått seg ein fastlåst lanseringsdato og vil dukke opp på Steam 4. september, fortel Eurogamer i dag.

Det er tvilsamt om du eigentleg vil ha noko med denne karen å gjere.

Med kameraet som ven

I Outlast ser du det meste gjennom linsa på eit digital kamera. Med dette kan du zoome inn og ut for å sjå detaljar betre, samt at du kan slå på nattsyn for å sjå betre i spelets mange mørke lokale. Rundt omkring vil du finne dei innsette som helst vil sjå deg døy.

Det heile ser temmeleg intenst ut, og under artikkelen kan du sjå ein lengre video som illustrerer dei grunnleggjande mekanikkane i spelet. Der kan vi sjå spelaren klarte på utsida av in bygning, snike seg gjennom ventilasjonsrøyr, samt liste seg gjennom galehuset medan nervepirrande lydar set ei triveleg stemning.

Outlast kjem i sal på Steam 4. september, ein PlayStation 4-versjon blir tilgjengeleg seinare.

Les også: Sniktitt: The Evil Within Les også: – Alle kan kjenne seg igjen i Among the Sleep

Siste fra forsiden