Frå WipEout til urinalkaos

Bransjeveteranar lagar spel om herretoalettet.

Kva gjer du når du etter mange år som utviklar av WipEout-serien brått mistar jobben og må finne nye ting å bruke tida på? Samlar nokre kompisar og lagar eit spel som pissing på toalettet. Det er i alle fall det Mike Humphrey, Karl Jones, Jon Eggelton og Andrew Jones frå tidlegare Studio Liverpool har gjort.

I dag har dei via den offisielle PlayStation-bloggen kunngjort Men's Room Mayhem for PS Vita. I dette merkelege spelet tek du på deg rolla som ein vaktmeister som må sørgje for at toalettbruken skjer i forsvarleg forstand.

Ved å trykke og sveipe over Vita-skjermen må du sende pissetrengde typar til ledige urinalar og toalett. Samtidig må du passe på at folk ikkje krasjar i kvarandre slik at slagsmål og andre uheldige situasjonar oppstår. På toppen av det heile må du sørgje for at toalettet er reint og pent til ei kvar tid.

Skal du først snakke i den kvite telefonen, får du gjere det skikkeleg.

Du kan tene bonuspoeng for å sørgje for solid toalettetikette, som til dømes å halde litt avstand mellom kvar person som tyr til urinalen. Samtidig tener du sjølvsagt på å sørgje for god hygiene. Vi har vel alle kjent på det småkvalme stikket i magen når vi ser nokon som ikkje har vaska seg på henda etter å ha gjort sitt fornødande. Snart kan du vise at du kan betre.

Men's Room Mayhem har ikkje fått nokon fastnagla lanseringsdato, men kjem i sal for PS Vita «snart».

Les også: Stealth Bastard til PS3 og Vita Les også: Populære Hotline Miami kjem til Vita og PS3

Siste fra forsiden