Grand Theft Auto V-traileren gir Hideo Kojima prestasjonsangst

– Trur ikkje vårt «V» kan nå dette nivået, seier Metal Gear-skaparen.

For eit par dagar sidan kom omsider den lenge etterlengta traileren frå Grand Theft Auto V som viste reelt gameplay. Vi fekk sjå korleis du kan skifte mellom dei tre hovudpersonane på sparket, og bruke dette både for å oppnå strategiske fordelar under oppdrag, samt å få innblikk i korleis trekløveret Michael, Trevor og Franklin lev livet på eiga hand når du ikkje har direkte kontroll over dei.

Traileren har imponert mange, deriblant Metal Gear Solid-sjefen Hideo Kojima, som for tida er i full sving med Metal Gear Solid V. På Twitter har han ytra at Rockstars komande storspel ser så bra ut at han ikkje tør håpe på å få til noko betre:

«Den nye GTA V-traileren var fantastisk! Slik fri kontroll er framtida for spelet. Det er mykje betre enn noko anna. Faktisk gjer det meg deprimert. Eg trur ikkje vårt «V» kan nå dette nivået. Rockstars team er det beste, og dei vil utan tvil auke potensialet for spel.»

Metal Gear Solid V blir tåleleg lekkert.
Metal Gear Solid V blir tåleleg lekkert.

Kojima har god grunn til å la se imponere, men ein skal likevel ikkje kimse av det Kojima Productions har vist fram frå Metal Gear Solid V. På Microsoft sin pressekonferanse under E3 viste dei fram ein solid Metal Gear Solid V-trailer som demonstrerte den imponerande Fox Engine-grafikkmotoren.

Ei av dei største Metal Gear Solid-nyhenda som kom fram rundt E3 var derimot at Kojima har byta ut den mangeårige Snake-skodespelaren David Hayter med den respekterte skodespelaren Kiefer Sutherland.

Kva trur du? Har Metal Gear Solid V det som skal til for å stå side om side med Grand Theft Auto V?

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance
Les også: Kojima vil gjenskape Metal Gear Solid

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen