Gratisracing frå Namco

I neste Ridge Racer må du drifte for harde livet.

At gratisspel har blitt uhyre populært blant utviklarar og utgjevarar er ikkje nytt. Fleire og fleire spel kjem med denne modellen der du berre treng laste ned spelet for å kome i gong, og neste spelserie ut er Ridge Racer frå Namco Bandai.

Ridge Racer Driftopia vil som namnet tilseier handle om å drifte. Med andre ord skal du byggje opp solid fart før du glir gjennom svingane og skyt vidare som ei kule.

Så mange detaljar har ikkje Namco Bandai valt å dele med omverda heilt enno, men ut av den første traileren kan vi sjå fleire teikn på kva vi har i vente. At spelet har fokus på fart seier seg sjølv, men det ser samtidig ut til at vi får øydeleggje nokre kulissar og bilar på vegen mot målet.

Som med alle gratisspel kjem Ridge Racer Driftopia med ein nettbutikk der du kan handle nye ting for å forbetre opplevinga di. I Ridge Racer Driftopia vil du kunne kjøpe nye bilar, «booster packs» som så langt ikkje har fått nokon definisjon, samt erfaringspoeng. Nøyaktig kva ein brukar desse erfaringspoenga til er heller ikkje klart akkurat no, men Namco Bandai lovar i ei pressemelding å kome med meir info snart.

Spelet blir lansert for Windows og PlayStation 3, utan teikn til ein Xbox 360-versjon. Spelet blir tilgjengeleg for nedlasting seinare i år.

Les også: Anmeldelse: Ridge Racer Unbounded Les også: Anmeldelse: Test Drive: Ferrari Racing Legends

Siste fra forsiden