GTA: Vice City fyller ti år

Klassikaren får jubileumsutgåve i miniformat.

På måndag er det heile ti år sidan Grand Theft Auto: Vice City fanga oss med sin fargerike versjon av Miami. Der Grand Theft Auto III tok verda med storm med si nyskapande og opne verd, tok Rockstar det heile eit solid steg lengre i oppfølgjaren.

Med eit satirisk skråblikk på 80-tallskulturen, ei fantastisk samling med 80-talsklassikarar på radioen, og fridomen til å gjere omtrent kva du ville, blei det ein umiddelbar hit. Mange meinte det overgjekk GTA III, og det var ingen tvil om at Grand Theft Auto på få år hadde makta å bli ein av dei største og viktigaste seriane på marknaden.

No er Rockstar i følgje ei pressemelding klare for å introdusere det ti år gamle spelet for eit nytt publikum. I same stil som med ti-årsjubileet til Grand Theft Auto III, vil Vice City no dukke opp på diverse Android- og iOS-plattformer. Nokon bestemt dato for lansering av Vice City for nettbrett og mobil har vi ikkje fått utover at dei blir tilgjengelege seinare i haust.

Klar for å tulle rundt i Vice City igjen?

Grand Theft Auto: Vice City falt i god smak her i redaksjonen då det i si tid dukka opp. Med ein sterk åttar på skalaen hadde vår anmeldar dette å seie:

«Eit av dei store plussa ved spelet er lyden, der musikken og voice-actinga står for brorparten av poenga. Det er så nær perfeksjon som du kjem på dette området, og eit førebilete for framtidige spel. Antal timar med gameplay du har framfor deg med dette spelet er vanskeleg å seie. Det kjem heilt an på om du slavisk følgjer oppdraga, eller du cruisar rundt i byen utan nokon spesielle planar. Uansett har du veldig mange timar med moro framfor deg med Grand Theft Auto: Vice City, eit spel som definitivt står høgt på mi toppliste.»

Les også: GTA III og Vice City til PS3 Les også: Tilbakeblikk: Grand Theft Auto

Siste fra forsiden