– Guild Wars 1 kan leve for alltid

ArenaNet har ingen planar om å stenge ned MMO-spelet.

For heile åtte år sidan lanserte ArenaNet Guild Wars, eit onlinespel som i motsetning til mange andre spel i same sjanger på den tida, ikkje kravde abonnement for å spelast. Guild Wars samla seg raskt eit solid spelarsamfunn, og sjølv om ArenaNet i fjor lanserte Guild Wars 2, er det framleis eit levedyktig miljø rundt spelet.

Til Eurogamer fortel designer Mike Zadorojny at dei ikkje har nokon planar om å avslutte moroa for de spelarane:

«På ingen måte. Spelet er så kostnadseffektivt at det køyrer på berre ein brøkdel av den serverkapasiteten vi treng for Guild Wars 2. Å ha det gåande er ingenting samanlikna med å drifte Guild Wars 2. Vi har eit solid og sunt samfunn der, og vi vil støtte opp om det så godt vi kan.»

Vidare fortel Zadorojny at dei har automatisert støtta for spelet i så stor grad at om dei vil kan dei halde spelet gåande for alltid utan at nokon må styre med det. Dei har likevel eit lite team som held eit auge med spelet i tilfelle nokon store problem skulle dukke opp.

Er du blant dei som framleis spelar Guild Wars 1?

Les også: Retrohyllest i Guild Wars 2 Les også: Guild Wars 2/utgiveren har sagt opp flere ansatte

Siste fra forsiden