Halo-komponisten har fått sparken

Men Bungie hevdar dei skilde lag med Marty O'Donnel som vener.

Sidan lanseringa av Halo: Combat Evolved på Xbox i 2001 har serien så godt som vore synonym med Marty O'Donnels ikoniske musikk. Melodiane og rytmane som seig eller dundra gjennom høgtalarane medan Master Chief jakta på utanomjordiske beist har vore med på å skape varige minne for svært mange spelarar.

Difor har det naturlegvis vore store forventningar til kva O'Donnel ville komponere i Bungies neste storspel: Destiny. O'Donnels musikk til Destiny – der han blant anna har samarbeida med Paul McCartney – er allereie ferdig, men det blir òg den siste musikken han leverer til studioet han har jobba for sidan 90-talet.

På onsdag denne veka la O'Donnel ut ei Twitter-melding der han fortalde at han var trist over å ha fått terminert stillinga si, utan grunngjeving.

Skildest som vener?

Marty O'Donnel er ferdig hos Bungie.

Twitter-meldinga frå O'Donnel skapte raskt sterke reaksjonar over nettet, noko som etter rimeleg kort tid fekk Bungie til å svare med følgjande oppdatering på nettsidene sine:

«I over eit tiår har Marty O'Donnel fylt verdene våre med uforgløymelege lydar og musikk, samt etterlete seg varige spor på fansen vår. I dag, som vener, har vi sagt farvel. Vi veit at kvar enn vegen måtte ta han, vil han alltid gå ei lys framtid i møte.»

«Vi ynskjer han alt hell og lukke i hans framtidige drifter.»

Det kan sjå ut til at det herskar litt ulike oppfatningar om korleis O'Donnel eigentleg enda opp med å forlate Bungie. Komponisten sjølv har valt å tie enn så lenge, men har lansert sin eigen nettstad i kjølvatnet av oppseiinga. Kva han vil gjere framover vil berre tida vise.

Marty O'Donnel er berre den siste av fleire store namn som har mista jobben, eller skifta beite den siste tida. Nyleg slutta Uncharted forfattar og regissør Amy Henning hos Naughty Dog. Ho enda opp med å få seg jobb hos Dead Space-studioet Visceral Games der ho skal lage Star Wars-spel.

Siste fra forsiden