Hjelp Harold i mål

Heilsprø plattformracing frå nyoppstarta studio.

Det ferske utviklingsstudioet Moon Spider Studio har i dag kunngjort sitt første spel Harold. I dette spelet tek du på deg rolla som ein reddande engel som skal hjelpe den litt tvilsame sprintaren Harold frå start til mål. Med sin skranglete fysikk og tjukke brilleglas vil Harold trenge all den hjelp han kan få.

Gjennom stadig meir utfordrande baner vil du måtte manipulere omgjevnadane til Harold sin fordel. Du kan dytte han framover, lage rutsjebaner, og opne opp snarvegar for gi Harold eit overtak. I tillegg kan du gjere livet surt for konkurrentane hans ved å sabotere bana for dei.

– Vi har eit fantastisk team her hos Moon Spider Studios, og alt vi vil er å lage gode spel. Vi har samla nokre av dei mest talentfulle kunstnarane, designarane og programmerarane frå både innsida og utsida av spelbransjen. Vi har arbeida med Harold ei god stund no, og kan ikkje vente med å vise det for verda, fortel Moon Spider Studio-president Loris Malek i ei pressemelding.

Utviklarstaben hos Moon Spider Studios har brei erfaring. Fleire av kunstnarane har tidlegare jobba hos respektable studio som Disney, Pixar, Dreamworks og Studio Ghibli. Der har dei vore med på å skape klassikarar som The Iron Giant, Aladdin, Neon Genesis Evangelion og Princess Mononoke. Får dei det som dei vil kan Harold ende opp med å bli eit av dei vakraste spela nokon sinne. Det manglar ikkje på sjølvtillit altså.

Harold dukkar opp på PC, XBLA og PSN tidleg neste år, og du kan sjå den første absurde traileren nedanfor.

Trailer frå Harold.

Siste fra forsiden