Ingen Wii U-Rayman i år

Den elleville oppfølgjaren til Rayman: Origins let vente på seg.

Trist nytt for alle som allereie har bestilt seg eit stykk Wii U. Rayman: Legends treng meir arbeid, og har blitt utsett til første kvartal neste år, fortel VG247. I ein kommentar har ein talsmann frå Ubisoft følgjande å kome med:

– Vi er glade for at fansen gler seg til spelet, og vi tek den tida vi treng for å sørgje for at vi lagar eit spel som kan leve opp til og overgå forventningane deira. Vi vil ha fleire detaljar snart.

Rayman: Legends tek opp stafettpinnen etter det fantastiske Rayman: Origins. Sjølv om den grafiske stilen har endra seg ein smule, vil det framleis bli sideskrollande action av forhåpentlegvis ypparste kvalitet. Spesielt i Rayman: Origins er korleis skjermen på Wii U-kontrollaren blir nytta. Om du spelar på kontrollaren styrer du ein heilt annan figure som kan hjelpe andre spelarar med å kome seg gjennom dei ulike nivåa.

Det er ein populær gjeng dette.

Sidan Ubisoft vil levere eit heilheitleg produkt som ikkje blir dårlegare på andre plattformer, har dei difor valt å gjere spelet eksklusivt for Wii U enn så lenge.

Medan vi ventar på Rayman: Legends er det ikkje så dumt å sjekke ut Rayman: Origins som fekk ein i aller høgste grad respektabel 9-ar av underteikna:

– Rayman: Origins er eit heilt glimrande spel som gjer så og seie alt riktig. Spelet demonstrerer med glans at det framleis kan tenkjast nytt og kreativt med ein av dei eldste sjangrane vi har. Vi reiser til mange herlege område som alle byr på sine unike og krevjande utfordringar. At opp til fire stykk kan gjere dette samtidig gjer i tillegg spelet til eit fantastisk spel for sosiale samlingar der latteren vil sitte ekstremt laust medan ein prøvar å samarbeide og spolere for kvarandre på ei og same tid.

Les også: Anmeldelse: Rayman 3D Les også: Rayman Jungle Run annonsert

Siste fra forsiden