Iskald sommar i vente

Det tredje spelet i Lost Planet-serien har fått dato.

Lost Planet-serien har hatt ei noko ujamn utvikling. Det første spelet i serien sendte oss til den iskalde planeten E.D.N. III, og gav oss eit unikt og spanande spel der vi kjempa mot vind og frost like mykje som vi kjempa mot dei tidvis massive beista på planeten.

Dette endra seg stort i Lost Planet 2 der planeten hadde blitt varma opp, og den einsame reisa du tok i det første spelet blei erstatta med eit stort fokus på samarbeid. Dette fokuset var faktisk så stort at spelet var temmeleg middelmåtig om du skulle velje å spele aleine.

Det blir nok av action i Lost Planet 3.
Det blir nok av action i Lost Planet 3.

Snart er det klart for ei ny reise inn i isaudet. I dag har Capcom kunngjort at Lost Planet 3 kjem i sal for Windows, PlayStation 3 og Xbox 360 28. juni. Skulle det bli for mykje lys og varme i sommarmånadane får vi altså eit kaldt alternativ.

I Lost Planet 3 spolar vi tida tilbake til før det første spelet i serien. Vi tek på oss rolla som Jim Payton som jobbar for organisasjonen NEVEC for å samle ressursar som skal sendast tilbake til jorda.

Spelet er utvikla av Spark Unlimited, og byr på ein noko Gears of War-inspirert synsvinkel som erstattar tredjepersonsfokuset frå før. I motsetning til dei tidlegare spela vil vi få meir valfridom til å velje og vrake i oppdrag. Samtidig kan vi oppgradere utstyr med ressursane vi finn på reisa gjennom kulda.

I samband med kunngjeringa av lanseringsdatoen har Capcom gjeve ut ein ny trailer du kan sjå nedanfor.

Lost Planet 3 kjem i sal for Windows, PlayStation 3 og Xbox 360 28. juni.

Les også: Anmeldelse: Dead Space 3
Les også: Ikkje meir Dino Crisis og Onimusha med det fyrste

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen