Kalkunregissør tyr til Kickstarter

Uwe Boll vil sparke hardt i alle retningar med Postal 2-film.

Det er allmenn kjent at filmar basert på spel sjeldan når eit høgt kvalitetsnivå. Heilt sidan Super Mario-filmen har dette vore slått fast rimeleg tydeleg. Nøyaktig kor dårlege slike filmatiseringar plar vere varierer likevel stort, men ein spesiell regissør har definitivt tatt kaka.

Den tyske regissøren Uwe Boll er for mang ein spelentusiast kjent for å ha maltraktert mang ein spelserie. Han har laga filmar av Alone in the Dark, Bloodrayne, FarCry og ikkje minst Postal. Kvar einaste film han har laga har blitt møtt med totalslakt, utan at dette har fira på sjølvbilete til tyskaren.

På eitt tidspunkt inviterte han dei hardaste kritikarane til å møte han i bokseringen. Det dei ikkje var klare over er at Boll er ein erfaren bokser, og han vann dermed alle kampane.

Christian Slater dukka opp i Alone in the Dark.

Vil lage Postal 2

Dei siste åra har det vore veldig stille frå Uwe Boll, men no er han på jakt etter pengar igjen. Tidlegare har han ikkje hatt problem med å samle inn pengar og skodespelarar til filmane sine, men no har han tatt i bruk folkefinansieringssida Kickstarter for å finansiere ein oppfølgjar til Postal-filmen.

Alle pengane vil i følgje Kickstarter-sida gå til å kjøpe kokain til skodespelarane.

Vidare på kampanjesida kan vi lese at Boll vil gå til angrep på alt og alle i filmen. Avsløringane til Bradley Manning og Edward Snowden ser ut til å bli sentrale tema, og i ein videosnutt på sida snakkar Boll om korleis det ikkje er noko reelt demokrati i verda, og at vi praktisk talt lev i George Orwells dystre roman 1984 allereie.

Boll vil på si side gå laus på slike tema og mange fleire, og påstår sjølv at han er den einaste som kan lage denne filmen. I følgje han sjøl vil Postal 2 bli eit 100% usensurert spark til alt og alle der ingen vil stå levande igjen.

Boll ber om 500 000 dollar for å få i gong filmen, og har så langt samla inn i nesten 9000 dollar.

Les også: – Dataspill har mye å lære av film Les også: Gran Turismo blir film

Siste fra forsiden