Killer is Dead kjem til Europa

No More Heroes-skaparens komande spel er ikkje langt unna.

For eit par veker sidan kunngjorde Suda 51 og Grasshopper Manufacture sitt flunkande nye spel Killer is Dead. I dette stiliserte actionspelet tek vi på oss rolla som Mondo Zappa, ein 35 år gammal kybernetisk spion. I spelet er månen kolonisert, og det er berre ein av stadane han reiser til for å kappe opp folk med sverdet sitt i solid Grasshopper-stil.

Sidan Killer is Dead nett blei kunngjort har vi ikkje hatt noko konkret info om når dette spelet vil dukke opp. I dag har derimot Deep Silver sendt ut ei pressemelding der dei fortel at dei vil ta av seg distribueringa i Europa. Spelet vil dukke opp ein gong i løpet av sommaren, utan at ein nærare dato er spesifisert.

Stilen er det ikkje mykje å seie på.

Suda 51 og Grasshopper Manufacture har det på seg å lage sære spel. Dei kom på bana med GameCube- og PlayStation 2-spelet Killer 7, men blei for alvor kjende med No More Heroes der du spelar den kjepphøg fyren Travis Touchdown som spring rundt med lyssabel. I fjor slapp dei absurde spel som skrekkhumorspelet Shadows of the Damned, samt zombiespelet Lollipop Chainsaw.

Deep Silver er på si side i ferd med å byggje seg opp i Europa, og har hatt ansvaret for spel som Risen og Dead Island. Dei er eit underselskap av Koch Media som nett kjøpte opp både Metro-serien, Saints' Row, samt utviklarstudioet Voliton etter at fleire THQ-eigendelar blei lagt ut på auksjon.

Les også: Anmeldelse: No More Heroes 2: Desperate Struggle Les også: Baseballmassakre for to

Siste fra forsiden