Klar for ei dose kulehelvete?

Japanske shmup-spel er lanserte etter Kickstarter-suksess.

I april lanserte det vesle selskapet Nyu Media ein Kickstarter-kampanje for å lokalisere dei tre japanske indiespela i The Tale of ALLTYNEX-samlinga. Den kampanjen samla inn nesten tre gongar summen utgjevaren bad om, og med det var lokaliseringa sikra.

ALLTYNEX-samlinga gjev oss tre spel i kulehelvetesjangeren. Om dette ikkje seier deg mykje går det i korte trekk ut på at du fører eit lite romskip over skjermen medan kulene regnar over deg. Eit kreativt våpenarsenal og mange oppgraderingar står sjølvsagt på plakaten.

Sjangeren har lang fartstid, og kan ofte krevje mykje frå spelaren som ikkje har mykje tid til å tenkje over kva han eller ho skal gjere.

Mykji lys, og mykji varme.

Tilgjengeleg no

I dag har Nyu Media sendt oss ei pressemelding der dei fortel oss at spela har fått den lanseringa vi blei lova. Får og med i dag kan dei tre spela KAMUI, RefleX og ALLTYNEX Second kjøpast frå speletes nettstad, GamersGate eller Rice enten separat, eller i samla flokk.

Om du er spelmusikkentusiast kan musikken frå spela handlast frå Bandcamp.

ALLTYNEX-spela kjem frå den japanske indieutviklaren Siter Skain, og har hausta solid popularitet i shmup-miljøet. Kickstarter-kampanjen var eit ledd i å auke publikummet for spela, men om du har lyst til å få desse spela enda meir fram i lyset kan du hjelpe til med å støtte spela på Steam Greenlight. Er du usikker på om dette er noko for deg har Nyu Media lansert demoar for ALLTYNEX Second og KAMUI. Dei kan lastast ned frå spelets nettstad.

Les også: Anmeldelse: Gradius Collection Les også: Anmeldelse: Deathsmiles

Siste fra forsiden