Kristisk fase for Molyneux sitt gudespel

22cans viser fram video av GODUS for å få fart på Kickstarter-kampanjen.

I slutten av november skreiv vi om GODUS, det nye gudespelet frå Peter Molyneux. Molyneux er i nyare tid betre kjend for Fable-serien frå Lionhead Studios, men tidlegare i år slutta han i det Microsoft-eigde studiet for å starte opp 22cans som han finansierte ut av eiga lomme.

Det første prosjektet deira var iOS-spelet Curiosity – What's Inside the Cube. Det er få som heilt veit kva dette er for noko, men målet er å hakke laus bitar frå ei kube for å sjå kva som er inni. Lanseringa var derimot alt anna enn heldig. Pågangen blei langt større enn 22cans hadde rekna med, og som eit resultat sleit dei med server-kapsiteten.

Den ustabile lanseringa for Curiosity kan vere noko av grunnen til at Kickstarter-kampanjen for GODUS ikkje har gått heilt etter planen. No er det berre tre dagar igjen før tida er ute, og 22cans manglar framleis godt over 100 000 pund for å nå målet sitt. Om nålet ikkje er nådd får ein ingenting.

Difor har 22cans over dei siste vekene jobba for å få ferdig ein prototyp som gjev oss eit lite innblikk i kva vi har i vente om spelet skulle bli ein realitet. I dag har 22cans lagt ut ein video av denne prototypen, som du kan sjå nedanfor. I videoen får vi sjå små døme på korleis du kan manipulere landskapet, samt korleis dei små folka i verda slår seg ned og byggjer hus. Skulle to motstridande stammar møte kvarandre kan det òg lett ende opp med kamp.

Spørsmålet no er om denne videoen er nok til å redde prosjektet. Det er ikkje uvanleg at dei siste dagane av ein Kickstarter-kampanje ser den største pågangen, og det vil bli spanande å sjå kva veg dette går.

Les også: Gudespillet Maia trenger hjelp Les også: Dungeon Keeper-arvtakar på Kickstarter

Godus Prototype video 1 from 22Cans on Vimeo.

Siste fra forsiden