Lag dine eigne spel med Adventure Time

No kan du sjekke om du har ein solid speldesigner i magen.

Adventure Time er ein Cartoon Network-teikneserie der vi møter Finn og hundekompisen hans Jake. Saman legg dei ut på eventyr i ei post-apokalyptisk verd. Der får vi servert små historier i løpet av korte episodar som etter kvart har hausta svært solid popularitet.

Fleire mindre spel basert på serien har allereie blitt produsert, og no har skaparane lansert sitt nyaste prosjekt. Det er ikkje noko mindre enn eit spelstudio der du kjapt og enkelt kan lage dine eigne minispel.

Her kan du gjennom eit enkelt menysystem legge inn bakgrunnar, element som vatn, lava, platå og isblokker som forsvinn og kjem tilbake igjen. Når all geometri er på plass er det klart for å fastslå kva utfordringar spelet ditt skal by på.

Mykje å velje i

Du kan til dømes velje mellom å lage eit lite spel der du berre skal sanke inn skattar, eller kanskje knuse fiendar. Om du vil kan du putte inn begge deler. Når jobben er gjort må du første teste ut at spelet faktisk kan fullførast (noko eg sleit ganske hardt med i mitt forsøk på tidenes slagsmål), før du kan laste det opp slik at andre kan prøve ut kreasjonen din.

Spela du skrur saman er ikkje av det veldig avanserte slaget, og byr berre på eit statisk skjermbilete du kan fylle opp med så mange utfordringar du berre maktar. Førebels er berre Finn og Jake tilgjengelege som spelbare figurar, men i følgje Destructoid vil denne rollelita utvide seg etter kvart.

Les også: Bygg fornøyelsespark i SimCity

Siste fra forsiden