Lag ditt eige superheltshow

Knights of Pen and Paper-utviklarane med nye fantestrekar.

Dei fleste spel om superheltar set deg inn i rolla som ein person med overmenneskelege krefter. Chroma Squad blir derimot noko ganske anna. Her skal du styre eit sentai-studio. Om du ikkje veit kva sentai er, treng du berre tenkje på gode, gamle Power Rangers for å få eit solid overblikk. Vi snakkar stort sett japanske heltar som alle spring rundt i åletronge drakter i sterke fargar.

Du vil derimot ikkje spele som ein sentaihelt i Chroma Squad. I staden tek du kontroll over eit sentai-studio med det mål å lage den neste store sentai-serien Du må finne dei rette skodespelarane, og gi dei ulike roller. Kvar farge du kan kle heltane opp i kjem med sine eigne eigenskapstre slik at du kan skru saman den gruppa av liksomheltar du vil.

På tide å oppgradere studioet litt.

+1 fyrverkeri

Naturlegvis vil det bli ein del kamp i løpet av spelet. Desse vil fungere på turbasert vis, men sidan du skal styre et TV-program i staden for ekte kampar, kjem spelet med sine snodige vriar på formelen. For å få kraftigare angrep kan du til dømes kjøpe fyrverkeri for å piffe opp kampane litt.

Ved sidan av dette må du handle inn nødvendig utstyr som mikrofonar og lys, samt ta deg av kommunikasjon med fansen.

Utviklarane i Behold Studios har lagt ut ein Kickstarter-kampanje for å få ferdig spelet. Dei ber om 55 000 dollar, men interessant nok har dei ingen strekkmål i kampanjen sin. Dette er i følgje kampanjesida fordi dei vil alt skal kome i grunnpakka og dei ikkje vil lure spelarane til å bruke meir pengar for å få meir innhald.

Chroma Squad vil etter planen lanserast for Windows, Linux og Mac mot slutte av året.

Les også: Ouya kaster millioner etter kommende Kckstarter-spill Les også: Final Fantasy VII blir web-serie

Siste fra forsiden