Spanande japanske avsløringer

Magisk mytologi frå Namco

To spel frå Game Republic vil sende deg ut på eventyr til våren.

KÖLN (Gamer.no): Onsdag ettermiddag heldt Namco Bandai Partners sin pressekonferanse i samband med Gamescom. I tillegg til å vise fram årets titlar, blei det kunngjort to nye spel frå japanske Game Republic, best kjende for PlayStation 3-spela Genji: Days of the Blade og Folklore.

Yoshiki Okamoto fortel om sine nye born. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Det første av dei to spela som vil kome til våren, er Clash of the Titans: The Video Game. Spelet er basert på filmen med same namn, som vil kome omtrent på samme tid. Clash of the Titans-filmen er ei gjenskaping av Harry Hamlin-filmen frå 1981, og kan skilte med kjende skodespelarar som Liam Neeson og Ralph Fiennes.

Vi fekk sjå ein kort trailer frå spelmatiseringa. Diverre fekk vi ikkje lov til å ta eit einaste bilete, men det såg absolutt intenst ut, og vi kan definitivt vente oss eit eksplosivt action-eventyr. Alle tenkjelege skapningar frå gresk mytologi blei vist, og det vil bli over hundre forskjellige beist i spelet. At det kan blir heftige saker er det ingen tvil om. Ein massiv minotaur blei blandt anna vist, før ein farleg sexy succubus forførte publikumet.

Okamoto var tydeleg på at det vi fekk sjå ikkje direkte viste noko frå filmen. Grunnen er at filmen er under produksjon akkurat no, og dei ikkje kunne røpe noko.

Japansk mystikk

Det andre spelet frå Game Republic heiter Majin: The Fallen Realm, og blir noko ganske anna enn Clash of the Titans. Yoshiki Okamoto fra Game Republic hevda det ville kunne samanliknast med eit veldig kjent spel som byrjar på Z, men traileren vi fekk sjå gav heilt andre assosiasjonar. Først og fremst for tankane til The Last Guardian som er på veg til PlayStation 3. Ein ung mann sprang gjennom vakre områda, før han møtte sin kompanjong – eit digert beist som presterte å sjå venleg, farleg og vakkert ut på same tid.

Smakebit på Majin: The Fallen Realm.

Okamoto kunne fortelje at dette vil bli noko heilt anna enn dei action-spela Game Republic er kjende for. Spelet har ein gjennomført japansk stil, og utviklarane legg stor vekt på dei små detaljane. I følgje Okamoto vil dei med dette spelet prøve å få fram det «gode» med Japan.

Vi vil følgje ein ung tjuv som er veldig spenstig og rask, men som ikkje er fysisk sterk. Akkurat her kan det nok tenkjast at den digre kjempa kan få ei viktig rolle, sjølv om dette er alt vi veit om spelet akkurat no.

Begge spela frå Game Republic skal etter planen kome til både PlayStation 3 og Xbox 360 til våren, og vi kan ikkje gjere anna enn å vente i spaning på å få vite meir.

Siste fra forsiden