Minecraft kosar seg på Xbox

Om det var nokon tvil: Det går unna for indie-fenomenet.

På onsdag kom omsider Minecraft til Xbox 360, og skal vi tru mannen bak det verdsomspennande fenomenet, Markus Persson, har spelet fått ein heidundrande start på det heimekonsollen til Microsoft. Etter å ha sett salstala for dei første 24 timane kunne han via Twitter fortelje at Minecraft gjekk i pluss etter å ha vore i sal på Xbox 360 i berre ein time.

Som vi alle veit er Minecraft spelet der du byggjer akkurat kva du skulle måtte ynskje ut av firkanta klossar. Mange har kalla det lego for vidarekomne, og vår Minecraft-ekspert Joachim hadde dette å seie om Xbox 360-versjonen:

Bygg deg ein heim i Minecraft.

– Det er alltid delte meiningar om spel som gjer noko utanom det vanlege, og Minecraft er ikkje noko unntak. Konseptet appellerar rett og slett ikkje til alle. Spelet har ingen konkrete mål, utanom dei du set sjølv. Om du kun kjøpar spelet fordi du likar tanken på å slåst mot zombier vil du sannsynligvis bli skuffa – overlevelseselementet betyr nemlig mindre og mindre jo meir du spelar. Dei første timane er verda farleg, men så har du fått kontroll og då er det i stor grad kreativiteten din som avgjer kor mykje moro spelet har å by på.

Det er derimot ikkje alle som er like imponerte over jobben utviklarane hos 4J Studios har gjort med å overføre spelet til konsoll. Eitt av dei nye elementa i Xbox 360-versjonen er ein fleirspelarmodus for opp mot fire spelarar på ein skjerm. Kotaku kan fortelje at denne modusen viser seg å berre er tilgjengeleg om du spelar på ein HD-skjerm.

Sidan det framleis er mange som sit med gamle fjernsynsapparat rundt omkring i verda, har det naturleg nok vekt reaksjonar at verken Microsoft, Mojang eller 4J Studios opplyser spelarane om dette før spelet er kjøpt og betalt.

Les også: Anmeldelse: Minecraft Xbox 360 Edition Les også: Minecraft håver inn penger

Siste fra forsiden