Monster Hunter til Wii U

Snart kan du endeleg kjempe mot massive beist i full HD.

Sjølv om det kanskje ikkje er så lett for oss i Europa å sjå, er Monster Hunter-serien eit enormt pengemaskineri. På verdsbasis har serien selt over 21 millionar eksemplar, og er såleis blant Capcom sine viktigaste kassasuksessar.

Mesteparten av den suksessen har derimot skjedd i Japan der serien praktisk talt har blitt synonym med speling på farta. Etter dei første utgåvene til PlayStation 2, blei den så godt som eksklusiv til PSP. Capcom gjorde eit forsøk på å nå konsollspelarane med det fantastiske Monster Hunter Tri, men salstala innfridde aldri forventningane.

Skjermbilete frå Monster Hunter Tri.

I vesten har serien aldri heilt slått an, og mykje av grunnen til det kan vere at plattformene spela har hamna på ikkje har vore ideelle for eit vestleg publikum. Monster Hunter-serien er ei form for mini-MMO der opp mot fire spelarar kan reise på oppdrag saman for å drepe monster, sanke ressursar, og til slutt ta ned eitt eller fleire massive beist. Problemet har vore at ein på dei mange PSP-versjonane ikkje har kunne spele over nettet, men heller sedd seg nøydde til å sitje i same rom. Sidan PSP på ingen måte har den same populariteten i vesten som i Japan, har det ikkje vore så lett å finne andre folk å spele med.

Dette kan derimot forandre seg no, sidan Nintendo og Capcom i dag kunngjorde Monster Hunter 3 Ultimate. Dette spelet kjem til både Wii U og 3DS i mars neste år. Med unntak av det Japan-eksklusive PC- og Xbox 360-MMO-spelet Monster Hunter Frontier, blir dette aller første gong Monster Hunter-serien blir tilgjengeleg på ein HD-konsoll.

Spelet brukar siste versjon av Capcom sin grafikkmotor MT Framework, som blant anna har blitt brukt i Dragon's Dogma og det komande Resident Evil 6. Å sjå Monster Hunter-beista slå frå seg med denne motoren i ryggen bør vere nok til å vekkje apetitten hos både den eine og den andre.

Monster Hunter 3 Ultimate vil ta i bruk trykkskjermen på Wii U-kontrollaren for å la deg sjekke kart, inventar, våpen og spele minispel. I tillegg vil dei som har både Wii U og 3DS kunne spele med same figur på begge maskinene. Heime kan du spele på Wii U, medan du held fram på 3DS når du skal ut på tur.

Som dei andre spela i serien vil Monster Hunter 3 Ultimate ha eit stort fokus på samarbeid, sjølv om det kan spelast aleine. Du kan finne andre å spele med enten lokalt eller over nettet, sjølv vi har til gode å få konkrete detaljar på akkurat dette.

Les også: Capcom lover mer Dragon's Dogma Les også: Anmeldelse: Monster Hunter Freedom Unite

Siste fra forsiden