Nedtur for The Realm-Kickstarter

Utviklarane bak det pene eventyrspelet gir ikkje opp.

Blant alle suksesshistoriene om spel som har nådd svimlande summar gjennom kronerullingssida Kickstarter, finn vi og nokre ikkje fullt så vellukka prosjekt. Nøyaktig kvifor er ikkje alltid like lett å setje fingeren på, men siste spel ut i lista over mislukka kampanjar er The Realm, som vi skreiv om for eit tid tilbake.

I dette eventyrspelet frå bransjeveteranane i Atomhawk Design er målet at du skal ta kontrollen over to ulike figurar. Den eine er jenta Sarina som er liten, smart, men fysisk svak, og Toru, ei svær kjempe som veg opp for sitt naive intellekt med rå styrke.

Konseptbilete.

Tradisjonelt eventyr med ein vri

I praksis er The Realm i stor grad som eit tradisjonelt peik og klikk-spel å rekne. Ein stor forskjell er derimot at du ikkje vil ha noko inventar å samle både nyttige og ubrukelege ting i. I staden vil utviklarane lage eit spel der kvart område byr på unike problem du må løyse ved å få dei to hovudpersonane til å samarbeide. Sarina kan til dømes vise Toru kva han skal gjere, og kome seg fram til plassar det digre trollet ikkje kjem seg fram til.

Dette er i alle fall planen. Kickstarter-kampanjen som hadde som mål å samle inn 195 000 pund nådde knapt halvparten, og stogga med det ganske langt frå målet.

Atomhawk Studios vil likevel ikkje gi opp. Dei peikar spesielt på to problemområde med kampanjen deira som syndebukkar for kvifor det heile gikk skeis. For det første har amerikanarane hatt vanskelegare for å støtte prosjektet sidan det var ein britisk kampanje i stadenf or ein amerikansk. For det andre mangla Atomhawk Studios videoar som illustrerte korleis spelet vil sjå ut i aksjon.

Alt dette har dei store planar om å rette på, og dei vil lansere ein ny kampanje seinare i år frå ein amerikansk konto. Håpet er altså ikkje heilt ute om du var ein av dei som venta i spaning på The Realm.

Les også: Lekkert musespel nådde målet Les også: Kickstarter-suksess for Jagged Alliance

Siste fra forsiden