– Neste Xbox fungerer utan Internett

Intern mail ser ut til å avkrefte det mange har frykta.

Det har svirra mange rykte rundt den neste Xboxen frå Microsoft, som offisielt blir vist fram 21. mai. Eit av dei mest standhaftige og minst populære rykta er at maskina vil krevje at du konstant er tilkopla Internet. For dei som enten ikkje skulle ha ei god nok tilkopling, eller har ei ustabil linje, vil eit slikt krav kunne gjere konsollen ubrukeleg.

I dag hevdar derimot nettsida Ars Technica å ha fått tak i ein intern email frå Microsoft som bør roe nervane litt. Der avkreftar Microsoft dei negativt lada rykta, og er klare på at konsollen som førebels går under kodenamnet Durango vil kunne brukast sjølv om du ikkje har kopla deg mot Internet:

«Durango er designa for å levere framtidas underhaldning samtidig som den er bygd for å vere tolerant i forhold til dagens Internet. Der er fleire scenario brukarane våre forventar skal fungere utan Internet-tilkopling, og desse skal fungere uavhengig av tilkoplingsstatus. Desse inkluderer, men er ikkje avgrensa til: å spele av ein Blu-ray-disk, å sjå live TV, og ja, spele eit einspelarspel.»

Språket i mailen er kanskje litt pussig for å vere ein mail som er sagt å gå ut til personell som jobbar med maskina. Om mailen er reell, stadfestar den ikkje berre at konsollen kan brukast utan Internet, men og at den får Blu-ray-spelar og kan brukast som ein TV-boks.

Dei endelege detaljane rundt kva Microsoft har planlagt for oss i framtida får vi om snaue to veker, når Microsoft offisielt viser fram sitt nye vidunder.

Les også: Call of Duty: Ghosts er offisielt Les også: – Ryse skal være en stor lanseringstittel til neste Xbox

Siste fra forsiden