No kan du spele Half-Life på Mac og Linux

15 år etter starten er klassikaren tilgjengeleg til nye format.

Valve har satsa hardt på Linux den siste tida. Steam blei for ikkje så lat for lenge sidan lansert på Linux, og ved sidan av dette jobbar dei med å lage sin eigen Linux-baserte spelmaskin. Kva det nye fokuset på Linux kjem av kan ein berre spekulere i, men det er tydeleg at Valve-sjef Gabe Newell ikkje er vidare imponert over Windows 8. Han har skildra operativsystemet som ei katastrofe for spelindustrien.

Det er altså kanskje ikkje så rart at Valve har satsa meir og meir på Linux og Mac i det siste. Med det kjem ei lita gåvepakke til Linux- og Mac-eigarane; Det originale Half-Life er no tilgjengeleg til begge format via Steam, heile 15 år etter at det blei lansert for PC. Det fortel Polygon.

Skjermbilete frå Half-Life.

Enn så lenge står verken Linux eller Mac oppført som plattformer, men Polygon fortel spelet er tilgjengeleg i biblioteket. Utover det har dei installert og testa spelet utan problem.

Ved sidan av Half-Life er òg ein beta av Counter Strik 1.6 no tilgjengeleg på Linux og Mac.

Half-Life var spelet som starta det heile for Valve. Selskapet blei startar i 1996 av Microsoft-avhopparane Gabe Newell og Mike Harrington. Resten er historie. Etter suksessen med Half-Life har dei ei lang rekke suksessar under beltet. Seriar som Counter Strike, Team Fortress, Left 4 Dead og ikkje minst Portal har alle hausta stor suksess blant folk. Den aller største prestasjonen til selskapet er likevel godt mogleg Steam-tenesta, som sidan lanseringa i 2002 har blitt den største og viktigaste digitale butikken for spel.

Les også: Slik var Half-Life ett år før det ble lansert Les også: Slik så Dishonered-utviklerens Half-Life 2-episode ut

Siste fra forsiden