Mørkredd – Nordic Game Awards

Enorm jubel hos Are og gjengen

Mørkredd blei kåra til årets beste spel i Norden.

Hyper Games

Torsdag kveld gjekk årets runde av Nordic Game Awards av stabelen. Arrangementet har kåra dei beste spela i Norden sidan 2006, og fleire norske spel var nominerte til årets runde.

Mørkredd frå Hyper Games vann heile tre prisar på utdelinga. Dei tok med seg den prestisjetunge «Game of the Year»-prisen, saman med prisar for beste kunststil og beste speldesign.

– Dette hadde me verkeleg ikkje forventa. Det er utruleg, sa dagleg leiar Are Sundnes i Hyper Games.

Det er første gongen at eit norsk spel har vunne prisen.

Feiring

Då Gamer.no slo på tråden til Sundnes og gjengen var det feststemning i bakgrunnen.

– No er det veldig god stemning. Me fekk heldigvis moglegheit til å samle ein liten gjeng på kontoret i kveld, seier Sundnes.

Konseptkunst fra Mørkredd.
Hyper Games

Han fortel at prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet deira, som dei har jobba med i over fire år.

– Det kjenst veldig godt å få heider og ære for dette. Eg syns det er heilt fantastisk. Dei som har vunne dei siste åra har vore spel me har sett veldig opp til, og eg hadde aldri trudd at me skulle vinne.

LES OGSÅ: Gamer.nos omtale av Mørkredd »

Lovar godt for bransjen

– Dette er veldig stas – og litt surrealistisk. Me har fått pris for beste spel i Noreg tidlegare, det var superstas, men når ein konkurrerer mot dei nordiske spela ligg lista veldig høgt, seier Sundnes.

Dagleg leiar Are Sundnes i Hyper Games AS.
Les også
Anmeldelse: Mørkredd

Hyper Games-sjefen trur dette lovar godt for norske spel.

– Det er heilt klart mykje som er på gang i norsk spelbransje, og i løpet av dei siste åra har me byrja å hevde oss meir på lik linje som dei andre. Det er veldig mykje bra som blir laga her i Noreg.

Koronaåret hadde ikkje nokon stor effekt på utviklaren på Austlandet, fortel han.

– Me har hatt veldig mykje å gjere, men koronaen har ikkje påverka oss så veldig anna enn at me har vore på heimekontor.

Selskapet enda på eit lite underskot på 400.000 kroner for 2020.

– Slik må me rekne med når me investerer så mykje i eitt prosjekt, seier Sundnes.

Fleire norske nominasjonar

Dei norske spela Terror Squid (Apt Games), Apple Slash (Agelvik) og Tanknarok (Polyblock Studio) var med i kampen om å vinne i ulike kategoriar, men det var berre Mørkredd som fekk pris.

I fjor stakk Krillbite av med juryens spesialpris for Mosaic.

Årets jury bestod av Gamer.nos redaksjonssjef Audun Rodem for Noreg, Gísli Konráðsson frå Island, Jaakko Kemppainen frå Finland, Alicia Andersson frå Sverige og Christina Majcher frå Danmark.

Dei fire kritikarane stemte fram vinnarane, og utdelinga henta inspirasjon frå Eurovision i kåringa av årets spel.

Her er lista over dei som var nominerte. Dei som er utheva tok med seg sigeren:

Nominerte til «Nordic Game of the Year»:
Deep Rock Galactic from Ghost Ship Games (DK)
Mørkredd from Hyper Games (NO)
Crusader Kings III from Paradox Development Studio (SE)
Teardown from Tuxedo Labs (SE)
Noita from Nolla Games (FI)

Nominerte til «Nordic Game of the Year – Small Screen»:
Moving Out from DevM Games (SE)
Huntdown from Easy Trigger Games (SE)
Terror Squid from Apt Games (NO)
#AkiRobots from FlatPonies (DK)
Fancade from Martin Magni (SE)

Nominerte til «Best Art»:
Huntdown from Easy Trigger Games (SE)
Deep Rock Galactic from Ghost Ship Games (DK)
Mørkredd from Hyper Games (NO)
Lightmatter from Tunnel Vision Games (DK)
Stilstand from Niila Games (DK)

Nominerte til «Best Game Design»:
Mørkredd from Hyper Games (NO)
Terror Squid from Apt Games (NO)
Noita from Nolla Games (FI)
Crusader Kings III from Paradox Development Studio (SE)
Teardown from Tuxedo Labs (SE)

Nominerte til «Best Technology»:
Deep Rock Galactic from Ghost Ship Games (DK)
Teardown from Tuxedo Labs (SE)
Noita from Nolla Games (FI)
Main Assembly from Bad Yolk Games (SE)
Mørkredd from Hyper Games (NO)

Nominerte til «Best Audio»:
Amnesia: Rebirth from Frictional Games (SE)
Apple Slash from Agelvik (NO)
Deep Rock Galactic from Ghost Ship Games (DK)
Stilstand from Niila Games (DK)
Teardown from Tuxedo Labs (SE)

Nominerte til «Best Fun for Everyone»:
Moving Out from DevM Games (SE)
Fancade from Martin Magni (SE)
#AkiRobots from FlatPonies (DK)
Mørkredd from Hyper Games (NO)
Tanknarok from Polyblock Studio (NO)

Nominerte til «Best Debut»:
Deep Rock Galactic from Ghost Ship Games (DK)
Huntdown from Easy Trigger Games (SE)
Main Assembly from Bad Yolk Games (SE)
Lightmatter from Tunnel Vision Games (DK)
Company of Crime from Resistance Games (FI)

Nominerte til «Best European Game»
Ori and the Will of the Wisps from Moon Studios (AT)
Dreams from Media Molecule (UK)
Factorio from Wube Software (CZ)
Knights and Bikes from Foam Sword (UK)
Cyberpunk 2077 from CD Project Red (PL)

Siste fra forsiden