Nye sprell frå Banjo Kazooie-utviklarar

Rare-veteranar vil lage andeleg oppfølgjar.

Etter at Microsoft kjøpte Rare frå Nintendo i 2002 har det skjedd store endringar i selskapet. Sjølv om dei har vore ganske produktive med spel som Viva Piñata-serien, Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts, og Kinect Sports, har ikkje alt vore roseraudt. Utviklarar har slutta i selskapet, og mange meiner magien som ein gong var der er borte.

Ein av dei mest populære seriane til Rare var Banjo-Kazooie. I desse spela møtte vi bjørnen Banjo, og fuglen Kazooie som la ut på nokre ganske sære eventyr. Serien blei hylla for både solid humor og flotte plattformelement. Med Banjo-Kazooie: Nuts & Bolts tok derimot serien ei stor vending. Brått handla det meir om å byggje kreative køyrety i staden for å hoppe på fiendar og samle fagre notar av gull.

Notejakt i Banjo-Kazooie.

No har nokre av Rare-avhopparane rotta seg saman i eit forsøk på å gjenskape magien frå dei første spela i serien, fortel VG247. Målet er ikkje å lage eit nytt Banjo-Kazooie-spel, men å lage noko nytt som ivaretek dei same verdiane.

Gjennom ein Twitter-konto har vi fått vite at to av dei som var med på å lage Banjo-Kazooie-spela er med på det nye laget. Dei er ingen ringare enn komponist Grant Kirkhope og kunstnar Steven Hurst.

Samtidig fortel dei gjennom Twitter-kontoen at dei vurderer å bruke Unity for å byggje spelet. Hovudproblemet deira akkurat no er korleis det heile skal finansierast, og ein Kickstarter-kampanje er ikkje utelukka. Om dette høyrest spanande ut oppfordrar utviklarane om at du viser di støtte ved å følgje Twitter-kontoen deira.

Les også: Får vi et nytt Killer Instinct? Les også: Rare-veteraner lager indie-spill

Siste fra forsiden