Nytt Alien-spel på veg

Sideskrollande Alien-jakt i lommeformat.

Dei svarte romvesna Ridely Scott introduserte i Alien-filmen frå 1979 ser ut til å vere tørste etter eit solid comeback. Ikkje berre er Gearbox godt i gang med Aliens: Colonial Marines, eit spel om marinesoldatar i kamp mot dei blodtørstige beista frå filmane, men Ridley Scott sjølv er midt i arbeidet med filmen Prometheus, ei historie om kva som skjedde før den første Alien-filmen.

Ein film og eit storspel er derimot ikkje alt vi har i vente, sidan ESRB – det amerikanske klassifiseringsorganet for spel – har oppdatert sidene sine med ei grundig skildring av Aliens: Infestation, eit DS-spel frå WayForward Technologies.

Blir Aliens: Infestation like blodig som Bloodrayne: Betrayal?

Spelet frå utviklarane bak A Boy and his Blob, Contra 4 og det komande Bloodrayne: Betrayal vil bli eit sideskrollane spel der du tek kontroll over ein liten tropp med soldatar på eit livsfarleg oppdrag. Målet er sjøvsagt å kverke mannevonde beist, og det ser ikkje ut til at plattformvalet på nokon måte vil tone ned den grafiske valden Alien-universet er kjend for.

ESRB-skildringa kan fortelje om realistisk skyting, eksplosjonar, skrik om hjelp og solide mengder blod når beista bit eller hoppar ut av brystkassa til ein stakkar. Sarte sjeler bør i tillegg vere klare over at du i løpet av spelet kan ta turen inn ein garderobe der du kan vere så uheldig å møte synet av ei naken herrerumpe. Dialogen vil i tillegg inkludere ufine ord som ikkje eignar seg på trykk.

Noko lanseringsvindauge for Aliens: Infestation er så langt ikkje kjent, men om du har mage til det treng du berre følgje med på Gamer.no for all ny info om spelet når den dukkar opp.

Sjekk vår Spillkalender for slippdatoer. Her får du full oversikt over når dine favorittspill kommer!

Siste fra forsiden