Nytt innhald og høgre nivåsperre for Borderlands 2

Samarbeidsperla får mykje nytt innhald på nyåret.

Dei første detaljane om neste dose med ekstrainnhald til Borderlands 2 er klare. I Sir Hammerlock's Big Game Hunt reiser vi til kontinenten Aegris der målet er å jakte digre beist. Dette er altså målet, ikkje nødvendigvis resultatet. På Aegris møter vi ein stor tilhengjar av Handsome Jack som ikkje er heilt nøgd med spelarfigurane sitt arbeid på Pandora, fortel Kotaku.

Naturlegvis bryt det ut i full krig, og i Sir Hammerlock's Big Game Hunt vil vi møte nye fiendar som byr på heilt nye utfordringar. Vi møter eit folkeslag beståande av villmenn, og desse villmenna har høvdingar som kan helbrede både seg sjølv og andre, samt bruke solide angrep mot spelarane.

Sir Hammerlock's Big Game Hunt introduserer i tillegg ein båt du kan bruke til å kome deg raskare frå ein stad til ein anna i sumpterrenget på Aegris. Utover dette kjem naturlegvis spelet med enda fleire våpen, om du ikkje skulle ha nok frå før.

Utover dette kan Kotaku fortelje at Gearbox vil auka den øvre nivågrensa for spelarane. Dette vil skje ein gong i løpet av dei tre første månadane i 2013, sjølv om vi ikkje har fått vite noko om nøyaktig kva den nye grensa vil bli. Dette skjer altså ikkje i den komande utvidinga, og Gearbox er ikkje heilt sikre på om dei vil auke grensa som ein del av nytt innhald, eller i ei separat oppdatering.

Ein ting som i alle fall er sikkert er at Gearbox er stornøgde med suksessen til Borderlands 2 så langt. Om populariteten held seg på same nivå som den er på no, kan det godt hende vi får servert ein ny sesong med nedlastbart innhald når denne er over.

Sir Hammerlock's Big Game Hunt blir tilgjengeleg for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 15. januar.

Les også: Anmeldelse: Borderlands 2 Les også: Hvordan hadde Borderlands vært i 1989

Siste fra forsiden