Oddworld-studioet vil lage nytt Metal Gear Solid

Gjengen bak nyversjonane av Oddworld-spela har skrive ope brev til Kojima.

For eit par dagar sidan kunne vi fortelje at Metal Gear Solid-skaparen Hideo Kojima var på jakt etter eit studio som kunne lage ein ny versjon av PSOne-klassikaren Metal Gear Solid i den flunkande nye grafikkmotoren Fox Engine. Dette har i ettertid vist seg å vere basert på ein liten feil frå Kojima sin tolk, sjølv om Kojima likevel innrømmer at han gjerne skulle sett ein oppdatert versjon av spelet.

Eitt studio som fekk med seg Kojima sine ynskje er Just Add Water. Om dette namnet ikkje ringer nokon umiddelbare bjøller er dei til informasjon selskapet som har laga oppussa versjonar av to spel i Oddworld-serien; Oddworld: Stranger's Wrath og Oddworld: New'n'Tasty.

Ope brev

I eit ope brev til Kojima ytrar dei sine ynskje om å få vere studioet som tek på seg jobben med å fikse opp det velkjende snikespelet for ein ny generasjon spelarar. Grunnane til at dei burde få jobben er i følgje dei sjølv at dei har erfaring med å arbeide med legendariske seriar, at ei er store Metal Gear-fans, samt at dei har veldig, veldig lyst på jobben.

Metal Gear Solid har allereie blitt gjenskapt ein gong før. Den gong var det Eternal Darkness-studioet Silikon Knights som laga ein GameCube-versjon.

Kva trur du om ein ny versjon av Metal Gear Solid? Er Just Add Water ein gjeng som har det so krevst?

Les også: Anmeldelse: MEtal Gear Rising: Revengeance Les også: Anmeldelse: Metal Gear Solid HD Collection

Siste fra forsiden