Opprør i moddesamfunnet til Grand Theft Auto V

Take-Two stenger populært modifikasjonsverktøy.

gta5-mods.com

Modifikasjonssamfunnet til Grand Theft Auto fekk seg ei stygg overrasking på torsdag, då det blei klart at utgjevarmastodonten Take-Two Interactive hadde sendt eit «cease-and-desist»-brev til folka bak det viktige modifikasjonsverktøyet OpenIV.

Verktøyet har vore grunnlaget for dei fleste modifikasjonane til Grand Theft Auto-spela i fleire år, og må no legge ned på grunn av press frå eigaren til Rockstar Games.

Med OpenIV kan ein endre ting som teksturar til bilar, hus, fly, våpen, og ulike typar skript. Verktøyet modifiserer einspelardelen, men Take-Two Interactives advokatar meiner at OpenIV opnar for å blant anna utvikle juksemiddel til Grand Theft Auto Online. Nyheita vil antakeleg bety stor nedgang i utvikling av modifikasjonar til spela.

Stor støttemobilisering

Leiande utviklar hos OpenIV, «GooD-NTS», fortel at dei fekk ein e-post frå Take-Two Interactive i slutten av mai. Utgjevaren bad om at dei måtte avslutte verksemda si straks, saman med å legge ned det store modifikasjonsprosjektet Liberty City in GTA V. Då OpenIV spurde om å få fleire detaljar over e-post, fekk dei nokre veker seinare tilsendt eit «cease-and-desist»-brev, og tok avgjerda om å kansellere prosjekta sine.

Dette har ført til eit opprør blant modifikasjonssamfunnet til spelet, og det er starta ein underskriftskampanje for å redde OpenIV, som har fått meir enn 10 000 signaturar på under eit døgn. Avgjerda til Take-Two Interactive har òg gått hardt utover omtalane til Grand Theft Auto V på Steam, som gjekk frå «Very Positive» til «Mostly Negative» på særs kort tid.

Fleire har tatt til orde for boikott av utgjevarens komande spel, blant anna Red Dead Redemption 2, XCOM 2: War of the Chosen og Civilization Online.

Siste fra forsiden