Oppseiingar hos fleire Sony-studio

Det er ikkje berre God of War-studioet som mistar folk om dagen.

I februar kom beskjeden om at Sony hadde sagt opp fleire stillingar hos respekterte Santa Monica Studio, som har stått bak God of War-serien. I tillegg til oppseiingane blei eit uannonsert prosjekt kansellert. God of War III-regissør Stig Asmussen var ein av dei som slutta i studioet.

No har Sony sagt opp enda fleire stillingar, og denne gong er det tre britiske studio som må seie adjø til fleire tilsette. Via Videogamer får vi beskjed om at Sony har sagt opp fleire stillingar hos SCE London Studio, Guerilla Cambridge, samt Evolution Studios. Sony har stadfesta nedskjæringane, og forklarar at dette er ein del av regelmessige omstruktureringar for å halde seg konkurransedyktige.

Frå Killzone til EyeToy

Killzone: Mercenary til PlayStation Vita.

SCE London Studios er beste kjende for å ha lage ein bråte spel til Sonys EyeToy. Dette var eit kamera som i god tid før Microsoft slo seg på brystet med Kinect gav oss moglegheita til å hoppe og danse framfor skjermen medan vi leika oss i spel. Det ferskaste spelet deira er The Playroom til PlayStation 4.

Guerilla Cambridge er eit anna studio med ei lang historie. Dei laga i si tid PlayStation-spelet MediEvil, før dei seinare laga Primal til PlayStation 2. For nokre år tilbake blei dei omdøypte til Guerilla Cambridge, og fekk ansvaret for å lage Killzone: Mercenary til PlayStation Vita.

Evoltuion Studios er i nyare tid best kjende for Motorstorm-serien, og har tidlegare laga fleire spel i WRC-serien. For tida held dei på med PlayStation 4-spelet Driveclub. Sony fortel at nedskjæringane ikkje vil ha noko effekt på utvikla av allereie utsette spelet.

Det er ikkje berre Sony som kuttar i staben sin. I fjor sa Square Enix opp fleire stillingar hos Hitman-studioet IO Interactive, medan Aliens: Colonial Marines-studioet gjekk konkurs.

Siste fra forsiden