Nedskjæringar hos God of War-studioet

Fleire har mista jobben kort tid etter at Santa Monica Studio flytta inn i nye lokale.

Tida har vist fleire gongar at spelbransjen på ingen måte er trygg. Konsollgenerasjonen som som gav oss PlayStation 3, Xbox 360 og Wii har vore spesielt vanskeleg, og fleire studio har gått under i løpet av dei siste åra etter at store produksjonar har feila å nå dei salstala ein har håpa på.

Fullt så ille står det ikkje til med Sonys Santa Monica Studio, men dei har likevel fått kjenne bransjens harde klima på kroppen. IGN fortel at fleire har mista jobben sin i studioet som har utvikla God of War-serien på PlayStation 2 og PlayStation 3. I tillegg skal eit prosjekt ha blitt kansellert. Sony har stadfesta nedskjæringane.

Var klare til å ekspandere

Den blodige God of War-serien har vore Santa Monica Studios viktigaste arbeidsområde.

At Sony vel å kutte i eit av sine største og viktigaste utviklarstudio kjem på eit svært uventa tidspunkt. Santa Monica Studio flytta i slutten av januar inn i heilt nye lokale, og fortalde på PlayStation-bloggen om korleis dei var klare til å utvide. Kva som har skjedd i løpet av vekene som har gått sidan den tid er ikkje godt å seie.

Det førre spelet frå Santa Monica Studios var actionspelet God of War: Ascension. Det makta ikkje å leve opp til kvaliteten på dei tidlegare spela, men bydde på ein artig fleirspelarmodus som pusta friskt liv inn i spelet. Dette var likevel ikkje nok, og spelet selde langt mindre enn dei tidlegare spela i serien.

Sjølv om Santa Monica Studio no er eit hakket mindre studio er det ingenting som tyder på at dei ligg på latsida. I fjor returnerte Cory Barlog til studioet for å jobbe på eit nytt, og stort prosjekt. Han regisserte i si tid God of War II. Ved sidan av å lage spel sjølve har Santa Monica Studio hatt ei viktig rolle i å samarbeide med andre studio som til dømes Journey-skaparane hos thatgamecompany.

Fjoråret var tidvis hardt for spelbransjen. Både den gamle utgjevaren THQ, samt utviklarane av kalkunspelet Aliens: Colonial Marines gjekk konkurs.

Siste fra forsiden