Oppseiingar hos Valve

Er det over og ut for Steamboks-prosjektet?

I januar fortalde Valve-sjef Gabe Newell at selskapet har tankar om å ta spelportalen Steam eit steg lengre. For å gjere spel lettare tilgjengeleg for folk, har dei jobba med ein Linux-basert maskin skreddarsydd for å spele spel på.

Tidlegare i dag kom det derimot ei Twitter-melding frå Valve-tilsette Jeri Ellsworth der ho fortalde at ho hadde fått sparken. Ellsworth har jobba i nettopp Valve si maskinvare-avdeling, og er best kjent for å ha laga ein Commodore 64-emulatorjoystick. Hos Valve skal ho ha jobba med å lage ein kontrollar som skulle gi deg ei betre oppleving når du spelar Steam-spel.

At Valve gjev tilsette fyken er sjeldan vare i seg sjølv, men i kveld fortel bransjenettstaden Gamasutra at Ellsworth ikkje var den einaste som måtte forlate pulten sin i dag. Totalt skal 25 tilsette ha mista jobben hos Valve, og dei skal ha jobba i maskinvare- eller Android-avdelingane til Valve, sjølv om det er mogleg at fleire sektorar er ramma.

I følgje det folk har sagt til Gamasutra er det ingenting som tyder på at dei tilsette har mista jobben grunna dårlege prestasjonar, eller ein vanskeleg marknad. I staden har uttrykk som «stor utreinsking» og «større avgjersler» ha blitt slengt rundt.

Valve har enno til gode å kommentere oppseiingane. Kor vidt dette har noko med Valve sin Steam-boks å gjere er for tidleg å seie. Med tanke på at fleire av dei oppsagde tilsynelatande jobba i maskinvare-avdelinga er det derimot ikkje ein fjern tanke.

Les også: PlayStation 4 kan bli avduket denne måneden Les også: – Neste generasjons konsoller er uinteressante

Siste fra forsiden