Plants vs. Zombies 2 har fått dato

Oppfølgjaren til det populære spelet kjem berre til iOS.

Det er få tårnforsvarspel som er meir umiddelbart gjenkjennelege enn Plants vs. Zombies. I dette spelet må du forsvare deg mot stadig nye bølgjer med ulike zombier på ganske så kreativt vis. Ved å plante ulike planter som alle naturlegvis skyt frå seg skot med forskjellige eigenskapar, tek du knekken på dei vandrande lika.

Spelet blei så populært at det etter kvart har dukka opp på så godt som alle eksisterande spelbare plattformer. Finn du eit oppegåande stykke maskineri som ikkje kan køyre ein variant av Plants vs. Zombies, er det eigentleg godt gjort.

Plantekrig i Egypt.
Plantekrig i Egypt.

Slik suksess kan sjølvsagt berre få eitt tenkjeleg utfall: Ein oppfølgjar. Plants vs. Zombies 2 er på veg, og i dag kan Eurogamer fortelje oss nøyaktig når kampen mellom plantene og zombiene held fram.

Plants vs. Zombies 2 blir tilgjengeleg frå og med 18. juli, men i motsetning til sin forgjengar blir ikkje spelet tilgjengeleg på alle plattformer, i alle fall ikkje innleiingsvis. Enn så lenge er spelet eksklusivt for iOS-plattformene.

Store endringar

Mykje har skjedd med Plants vs. Zombies sidan det første spelet. Først og fremst er spelet gratis å få i hende, og mesteparten av spelet skal òg kunne spelast utan å punge ut med så mykje som ei krone. Du vil likevel kome over ein del innhald som krev at du opnar lommeboka litt. Døme på dette er forskjellige oppgraderingar til plantene dine.

Ei anna nyvinning i Plants vs. Zombies 2 er at du no aktivt kan delta i zombieslakta sjølv. Blir det for mange zombier på skjermen kan du sjølv trykkje dei til ein ny død med fingrane dine.

Settinga for oppfølgjaren har òg fått seg ei endring. No skjer ikkje alt i bakgarden din lenger. Både gamle Egypt, det ville vesten og piratsjøar vil no få besøk av zombiene. Følgjeleg har spelet fått den fulle tittelen Plants vs. Zombies 2: It's About Time.

Les også: Valve kjøper spillstudio
Les også: EA kjøper Bejeweled-skaperne

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen