Anmeldelse

Primal

Det er ei mørk og dyster natt i byen, og alle dei mørke og dystre tenåringane har samla seg på ein utestad for å hoppe opp og ned til tonane av det mørke og dystre bandet på scena. Medan livet går sin gang på ein rockekonsert bevegar ein godt over to meter høg skikkelse seg gjennom lokalet, kledd i lang si frakk er han ikkje din typiske musikkentusiast.

Side 1
Side 2
Side 3

Dårleg A.I.
A.I. (kunstig intelligens) er heller ikkje noko å skryte av. Du står midt i ein kamp, medan andre fiendar står rundt deg og tilsynelatande ventar på tur. Det er her atmosfæra, atter ein gong, reddar dagen. Trass i at beista rundt deg berre står og ventar på tur, så følest dei likevel som ein viktig del av spelet, der dei står og slår på skjolda og brølar. Det er tøft, og det løftar deg opp til himmelen ei lita stund, og får deg nesten til å tru at dette er årets store spel.

Det er lett å bli sint på folk som lagar slike spel. Så og seie alt er perfekt. Den levande grafikken, og dialogen, som for ein gangs skuld høyrest profesjonell ut. Musikken som glir inn og skapar perfekt harmoni. Så kvifor er det då ikkje verdt pengane dine? Det er kjedeleg. Det byr ikkje på utfordringar. Historia engasjerar og drar deg inn, men den kjedelege spelestilen kan lett få deg til å slå av lenge før du får sett kva som skjer vidare. Det er ei synd og ei skam. Kvifor legg utviklarar så mykje vekt på alt anna enn det viktigaste; spelbarheit? Hadde det blitt brukt litt meir tid på å terpe kontrollane, fikse litt på A.I. og andre småfeil (som at nokon set seg fast bak ei dør og nektar å kome fram), så kunne dette blitt ein framtidig klassiker. Eit av dei store spela i nyare tid, men nei.

Tidleg i spelet får du vite at Jen har demonblod i årene, og derfor kan transformere seg. Det er i alt fire verder i spelet, og i kvar av desse har Jen ei ny form ho kan bruke, og ho får nye kampteknikkar og våpen. Våpena til Jen er ikkje våpen i ordets tradisjonelle forstand, dei blir skapt kvar gong ho slår eller angrip nokon. Til dømes får ho klør på henda i den første verda, men sjølv om våpena blir nye i kvar verd så byr det ikkje på mykje nytt ellers. Du sparkar og slår på same måte som før, det berre ser annarleis ut. Jen ser og forskjellig ut i kvar verd, utsjånaden hennar er basert på rasane som lev der, og transformasjonen skjer i eit hav av lys og farge.

Enkel kontroll
I motsetninga til dei fleste andre spel på markedet har ikkje Primal nokon som helst slags form for menyar eller statuslinje synleg på skjermen. Ei linje under Jen dukkar opp kvar gong ho blir utsett for skade, eller fornyar livsbeholdninga si. I tillegg får du sjå kor mykje kraft Scree har kvar gang den blir brukt, og ved eit enkelt knappetrykk kan du få denne informasjonen når du vil. Du får nytt liv på enkelt og greit vis. Kvar gong du har drept nokon, vil det sveve mange gule prikkar over liket. Desse prikkane er livskrafta til dei falne fiendane.

Om Scree er i nærheita, vil han automatisk suge til seg krafta, og ved enda eit enkelt knappetrykk blir denne overført til Jen. Om det utenkjelege skulle skje, at du har mangel på lik, er det plassert mange steinar rundt omkring på banane som Scree kan hente kraft frå. Sidan Jen ikkje kan trekke kraft sjølv, blir det ofte nødvendig å ha Scree i nærheita. I tillegg til desse finnest det visse helsesteinar som automatisk vil fylle opp livet ditt om du går tom.

Kontrollsystemet er veldig enkelt, dette er ikkje eit av dei spela der alle knappane på konrtolleren er i bruk. For det meste brukar du berre analogstikkene til å bevege deg rundt, og du undersøker eller brukar ting ved å trykk på X. Bortsett frå desse knappane har du ingen andre moglegheiter i spelet, du kan ikkje slå eller sparke når du ikkje er i kamp. Stort sett fungerar kontrolloppsettet glimrande, det er ikkje behov for meir. Når du kjem til den andre verda derimot, byrjar visse sterke svakheiter å vise seg. I havriket Aquis må Jen bevege seg under vann 90% av tida.

Igjen er det grafikken som reddar dagen. Måten det klåre vatnet blinkar og skin, og sollyset som bryt mot overflata er eit syn ein ikkje får sjå ofte. Når du seinare bevegar deg inn i forureina vatn blir alt grønt og grumsete, og du kan praktisk talt kjenne stanken frå daud og rote. Ser ein vekk frå grafikken er dette ei grotesk oppleving. Å styre Jen i fri flyt er ofte ei håplaus affære. Brått snur ho seg i feil retning, fordi du roterte ørlite feil på analogstikka, og som eit resultat av dette veit du brått ikkje lengre kvar du er. Tida du brukar på å kome tilbake i rett vinkel kan ofte føre deg langt vekk frå utgangspunktet.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden