Anmeldelse

Primal

Det er ei mørk og dyster natt i byen, og alle dei mørke og dystre tenåringane har samla seg på ein utestad for å hoppe opp og ned til tonane av det mørke og dystre bandet på scena. Medan livet går sin gang på ein rockekonsert bevegar ein godt over to meter høg skikkelse seg gjennom lokalet, kledd i lang si frakk er han ikkje din typiske musikkentusiast.

Side 1
Side 2
Side 3

Verdien av samarbeid
Eit anna problem som dukkar opp i havriket er dei gongane du må på land igjen for å kome deg vidare. Jen, storbyjente som ho er, kan ikkje svømme. Derfor må ho transformere seg til amfibieform, og i denne forma er ho alltid nødt til å vere i vatn. Som eit resultat av dette mistar du liv kvar gong du skal bevege deg inn og ut av vatnet. Er du verkeleg rask kan du rekke transformasjonen før Jen tar skade, men då skal du vere rask. No tenker du kanskje at det ikkje er noko problem sidan Scree alltid følger med deg. Ikkje her, i Aquis må du klare deg aleine, Scree tåler vatn fint, men han følger ikkje etter deg som før. Dette fører til at du gjerne må bruke helsesteinar oftare enn du set pris på. Visse stader på karta er det derimot plassert portalar som du kan bruke for å hente Scree, noko som kan kome godt med i visse situasjonar.

Sjølv om Jen er hovudpersonen i Primal, så er Scree ein like viktig del av spelet. Du kan bytte mellom Jen og Scree når som helst ved eit trykk på select. I mange situasjonar er du avhengig av han for å kome deg vidare. Til dømes kan Scree ta kontroll over statuer som kan opne visse dører, og liknande. For å gjere dette må Scree ha det nøvendige antalet Lodetsones. Lodestones er steinar som også er plassert rundt omrking på banene, og som scree tar til seg om han er i nærheita. Tidleg i spelet blir du fortalt av Scree at han kan klatre på alle steinoverflater. Dette er ei uforskamma løgn. I den glade tru at du no kan kome deg inn overalt vil du raskt erfare at så lite som ein liten murkant kan stoppe ferda di. Ofte kan det virke som om du berre kan klatre på stader der det er nødvendig for å kome vidare.

I takt med det visuelle er også lydbildet svært bra i Primal. Når den stemningsfulle musikken ikkje er til stades, vil atmosfæriske lydar likevel føre til at det som kjem ut av høgtalarane aldri blir kjedeleg. Musikken er for det meste ambient stemningsmusikk av høg kvalitet, men når du endar opp i kamp pluggar bandet 16 Volt inn gitaren. Det vil nok overraske mange første gang dei høyrer kampmusikken. Melodiøs metal-musikk sparkar hjula i gang svært effektivt. Etter kvart som ein blir vand med denne forandringa i musikken følest det eigentleg heilt naturleg. Å la ei demonjente sparke rumpe til tunge riff passar som fot i hose.

Konklusjon
Primal er eit ypperleg eksempel på den eldgamle formelen "stil over substans". Det er heilt tydeleg at det må vere to heilt forskjellige grupper som har arbeida med spelet. Designarane har gjort ein fantastisk jobb, programmerarane derimot, verkar som om dei har tatt litt for lett på oppgåva si. Det er lagt så mykje kjærleik og kreativitet i spelets ytre, at det verkar som om resten er eit påklistra masseprodusert produkt. For å vere ærlege så vil nok mange falle pladask for dette spelet, mykje på grunn av den fantastiske atmosfæra og den engasjerande historia. Det er lett å bli så oppslukt i inntrykka at ein gløymer resten, for ei stund, men misnøye med spelbarheita vil nok snike seg inn på dei fleste etter kvart. Det kunne blitt eit meisterverk, noko redefinerte adventure-sjangeren. I staden endar Primal opp på hylla som enda eit av spela som prøvde hardt, men ikkje fekk det til. Om du greier å oversjå dei stundene når spelet praktisk talt står stille, og dei frusterarande kampane, har du eit fint eventyr foran deg. Dessverre er det nok ikkje så mange som held så langt.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden