Ratchet & Clank vender tilbake til røtene

No er det slut på sidespranga, og klart for eit nytt eventyr i kjent stil.

Etter nokre meir eller mindre vellukka sidesprang som All 4 One og Q-Force, er det på tide for Ratchet & Clank å vende tilbake til røtene. Insomniac Games har nett kunngjort PlayStation 3-eventyret Ratchet & Clank: Nexus. Dette blir eit spel i god, gammal stil som vil sende radarparet ut på nye eventyr der dei naturlegvis vil støyte på nye intergalaktiske utfordringar.

Ratchet & Clank: Nexus blir ein epilog til Tools of Destruction og A Crack in Time. Etter å ha fanga Vendra Prog, er det duoen si oppgåve å frakte skurken til Vartax Detention Center. Dette går sjølvsagt skeis, og etter at fangen er fri er Ratchet og Clank brått stranda i ein forlatt sektor i rommet. Her vil dei oppdage ei fleirdimensjonal hending som trugar heile universet.

No er det alvor altså, som om ikkje duoen har stått ansikt til ansikt med verdas ende før.

Våpenglede er viktig for denne serien.

Slik vi kjenner dei

Spelet vil bli eit tradisjonelt Ratchet & Clank-eventyr med alt det bringer med seg. Her får vi nye våpen med inspirerande namn som Winterizer og Nether Blades, og Clank får heilt nye krefter. I Ratchet & Clank: Nexus can roboten manipulere gravitet og diverse objekt. I tillegg vil spelet by på mange nye planetar du kan utforske.

Ratchet & Clank: Nexus vil ikkje bli eit like stort spel som ein del tidlegare spel, men vil bli mykje større enn Tools of Destruction og A Crack in Time. Det vil bli tilgjengeleg både i butikkversjon og digitalt. Mange hadde kanskje håpa på at neste Ratchet & Clank-spel ville bli eit PlayStation 4-prosjekt, men det ser ut til at vi må vente litt til før det blir ein realitet.

Ratchet & Clank: Nexus kjem i sal for PlayStation 3 til hausten.

Les også: Nå blir Ratchet & Clank animasjonsfilm Les også: Anmeldelse: Fuse

Siste fra forsiden