Rayman Legends er utsett

Plattformspelet får ny dato og kjem til fleire format.

Eit av dei eksklusive Wii U-spela vi har sett mest fram til her i redaksjonen er Rayman Legends. Etter det herlege Rayman Origins frå 2011, har det ikkje vore utan grunn. Solide plattformspel er det ikkje for mange av, og dette spelet såg ut til å kunne bli eit solid pluss i margen for Wii U.

I dag fortel derimot Ubisoft i ei pressemelding at konsolleksklusiviteten Nintendo hadde sikra seg er over. Spelet kjem no til både Xbox 360 og PlayStation 3, og alle tre versjonane av spelet har fått ei utsetjing til tidleg september.

Lekker 2D-grafikk i Rayman Legends.
Lekker 2D-grafikk i Rayman Legends.

Eit av dei mest interessante elementa ved Rayman Legends er korleis det nyttar Wiipaden. I likskap med New Super Mario Bros. U kan fem spelarar spele samtidig, der fire av dei styrer figurar på TV-skjermen. Ein femte spelar brukar Wiipaden for å lage nye vegar og plukke opp gjenstandar dei andre spelarane ikkje har tilgang på. Samarbeid kan raskt bli svært viktig der den femte spelaren må sørgje for å opne dører og få plattformer på plass slik at dei andre spelarane kan kome seg heilskinna i mål.

Akkurat denne biten har heilt tydeleg vore skreddarsydd for Wii U. Ubisoft har ikkje sagt noko om korleis dette blir handtert på Xbox 360 og PlayStation 3.

Rayman Legends kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U i september.

Les også: Rayman Legends-demo tilgjengelig nå
Les også: – Rayman har skyld i at Byond Good & Evil 2 tar tid

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen