Rayman: Legends har fått dato

Vinteren blir avslutta med mykje lys og ein del varme.

Det er kanskje rart å tenkje på, men det er ikkje lenge til Rayman fyller heile tjue år. Den noko beinlause plattformhelten har dukka opp med jamne mellomrom heilt sidan debuten i 1995, og i fjor fekk han eit solid comeback i det heilt fabelaktige Rayman Origins.

I dette spelet fekk vi ikkje berre møte Rayman, men samtidig mange av venene hans i ei verd full av kreativ nivådesign, svimlande vakker 2D-grafikk og eitt av dei beste lydspora underteikna nokon gong har høyrt i eit plattformspel.

Rayman Origins dukka opp på det meste av plattformer, og difor er det kanskje litt rart at Rayman Legends er Wii U-eksklusivt. Sjølv om Rayman Origins selde nok til å rettferdiggjere ein oppfølgjar, var det ikkje ein så stor kassasuksess at å lage oppfølgjaren eksklusivt for ei heilt ny plattform er utan risiko.

Skjermbilete frå Rayman Legends

Det mest unike med Rayman Legends blir korleis ein av maksimalt fem spelarar kan ta i bruk Wiipaden for å interaktere med nivåa. Dette kan vere å ved å til dømes kutte rep og dytte ting for å hjelpe medspelarane.

Etter planen skulle eigentleg Rayman Legends ut i butikkhyllene i løpet av året, men blei i oktober utsett på ubestemt tid. Den nye og fastlåste datoen for når du igjen kan ta turen til Rayman si absurde verd er 28. februar.

Les også: Anmeldelse: Rayman 3D Les også: Rayman har skyld i at Beyond Good & Evil 2 tar tid

Siste fra forsiden