Rayman Legends kjem til PC

Den snodige krabaten hoppar på dei fleste plattformer.

Sjølv om Rayman Legends eigentleg skulle vere eit av trumfkorta til Wii U, blei det aldri slik. Spelet som opprinneleg skulle lanserast i februar blei utsett til august, og samtidig blei det kunngjort for PlayStation 3 og Xbox 360. Seinare blei ein PS Vita-versjon kunngjort òg.

No har Ubisoft informert oss via ei pressemelding om at det ikkje berre er konsollpublikummet som får ta del i moroa. I dag har dei kunngjort at spelet kjem til PC så vel som dei tidlegare nemnde plattformene.

Skjermbieete frå Rayman Legends.
Skjermbieete frå Rayman Legends.

Alt på same dag

Ubisoft har hatt for vane å sleppe PC-versjonane av mange spel fleire månader etter konsollversjonane. Dette blir derimot ikkje tilfelle med Rayman Legends. Spelet blir tilgjengeleg same dag som dei andre versjonane, og om du kjøper spelet på førehand via Ubisoft sin eigen Uplay-butikk, vil du få Rayman Origins frå 2011 gratis med på kjøpet.

I Rayman Legends vidarefører teamet til Rayman-skapar Michel Ancel den lekre 2D-stilen som fekk Rayman Origins til å sprette ut av skjermane. Det spelet blei ein solid suksess i redaksjonen, og det fekk heile ni av ti moglege poeng:

«Rayman Origins er eit heilt glimrande spel som gjer så og seie alt riktig. Spelet demonstrerer med glans at det framleis kan tenkjast nytt og kreativt med ein av dei eldste sjangrane vi har. Vi reiser til mange herlege område som alle byr på sine unike og krevjande utfordringar. At opp til fire stykk kan gjere dette samtidig gjer i tillegg spelet til eit fantastisk spel for sosiale samlingar der latteren vil sitte ekstremt laust medan ein prøvar å samarbeide og spolere for kvarandre på ei og same tid.»

Rayman Legends kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360, PS Vita og Windows 30. august.

Les også: Rayman Legends blir massivt
Les også: ZombiUs elendige salgstall svekket Ubisofts tro på Wii U

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen