Sandman-skaparen Neil Gaiman lagar spel

I Wayward Manor spelar du eit spøkjelse som vil skremme bort dei levande.

Neil Gaiman er best kjent som forfattaren bak teikneserien Sandman, men han har òg skrive fleire bøker. Blant anna har han saman med Discworld-forfattaren Terry Pratchett skrive romanen Good Omens, og han står og bak boka som seinare blei gjort om til animasjonsfilmen Coraline.

No er han derimot klar for nye eventyr, og har slått seg saman med The Odd Gentlemen – utviklarane bak spelet The Misadventures of P.B. Winterbottom – for å lage spelet Wayward Manor. Han skildrar spelet på følgjande måte:

«Wayward Manor er ein stor bygning i New England. Du, hovudpersonen. Eg er redd du er død, og ditt mål er å bli kvitt alle folka i huset ditt, og i rolla som dette spøkjelset må du finne stadig nye måtar å skremme folka på.»

Gammal idè

Det heile er ein ide Neil Gaiman i ein kunngjeringsvideo fortel han har hatt lenge, men kom til slutt fram til at det ikkje passa som ei bok. Difor slo han seg saman med The Odd Gentlemen for å lage eit spel.

nettstaden for spelet kan vi sjå at Neil Gaiman og utviklarteamet allereie har gjort det mogleg å kjøpe spelet på førehand. Det heile er lagt opp mykje i same stil som folkefinansieringskampanjar ved at du kan kjøpe ulike pakkar. Dei har derimot ingen totale mål dei siktar på, og ingenting tyder på at mengda kjøp vil avgjere om spelet blir ein realitet eller ikkje.

Har du ei tjukk lommebok kan du få deg ein middag med sjefen sjølv, og det er kanskje best å la han fortelje korleis den vil bli:

«Du kan få ein middag, med meg, i Los Angeles. Det vil bli den skumlaste middagen du nokon gong har hatt, i Los Angeles. Detroit, Porthsmouth, Boston og Seattle byr naturlegvis på skumlare middagar, men vi skal overgå alt som er gjort i Los Angeles.»

Les også: Anmeldelse: Evoland Les også: Sniktitt: Drømmefall kapitler

Wayward Manor kjem i sal for Windows, Mac og mobile plattformer i desember.

Siste fra forsiden