Slik blir Grand Theft Auto V

Dei første detaljane om haustens storspel er ute i det fri.

På tirsdag viste Rockstar fram trekløveret som får hovudrollene i det nye tilskotet i ein av verdas største og viktigaste spelseriar; Grand Theft Auto V. For første gong i seriens lange historie får du ta kontrollen over meir enn ein person, og dette ser ut til å få enorm innverknad på korleis du spelar GTA V. I alle fall om vi skal tru inntrykka frå medie som har tatt ein kikk på spelet.

Livsfarleg trekløver?

Hos Edge kan vi lese at dei tre hovudpersonane Michael, Franklin og Trevor lev sine eigne separate liv, sjølv om du ikkje styrer dei aktivt. Du kan når som helst skifte mellom dei ved å hente opp eit lite hjul, men kvar gong du vel ein ny person, vil den førre halde fram livet sitt utan deg.

Dette er langt frå alt som er nytt med spelarfigurane i eit Grand Theft Auto-spel. I GTA V vil du stadig bli betre i alt du gjer. Det vil seie at om du er heilt elendig med pistolen vil du gradvis bli betre ved å bruke den regelmessig. Om du på same måte er dårleg til å køyre bil, kan dette forbetrast ved øving. Dei ulike hovudpersonane har sine umiddelbare sterke og svake sider, men du er ikkje låst til dei.

GTA V byr på alt frå by til villmark.
GTA V byr på alt frå by til villmark.

Noko du derimot ser ut til å vere litt låst til er dei unike eigenskapane kvar av hovudpersonane har. Michael kan til dømes gå ut i sakte kino, i det som høyrest ut til å bli svært likt Bullet Time frå Max Payne-serien. Frankling har på sin eigen versjon av Bullet Time, men denne gjeld bilkøyring, noko som vil la han handtere krappe svingar i høg fart utan problem. Trevor er på si side ein svært valdeleg kar, og eigenskapen hans gjev han dobbel skade på alle angrep, samtidig som han tek berre halv skade frå andre.

Actionsekvensane ser samtidig ut til å ha fått seg ei solid overhaling. Skytinga seiast å vere svært lik den vi finn i Max Payne 3, sjølv om vi i GTA V finn unnavikingsmannøvrar. Samtidig kan du sprinte med våpenet i handa.

Massiv verd

Grand Theft Auto V blir det største spelet frå Rockstar nokon sinne. Landområda i spelet er 3,5 gongar så stort som det vi finn i Red Dead Redemption. Om vi tel med alle havområde blir spelet heile fem gongar så stort som Rockstars westernspel.

Havområda er det i alle høgste grad god grunn til å utforske. Enda eit nytt element for serien er at du no kan dykke under vassflata. På havbotnen kan du finne alt frå gamle skip til oljeriggar, og skattane du kan finne blant svoltne haiar ser ut til å vere mange. På land vil vi finne massive landskap med både fjell, elver og dyreliv.

I denne digre verda vil du møte utfordringar som er for store for Michael, Franklin og Trevor. Då kan du hyre inn spesialisert hjelp for å handtere dei ulike situasjonane som skulle oppstå. Her kan du betale for kvaliteten, eller du kan ta med deg folk som i likskap med deg blir betre om dei kjem heilskinna gjennom oppdraget. Eit minus ein må halde i tankane er derimot at alt byte ved til dømes eit ran blir delt på alle involverte, så om du hyrer inn ti medhjelparar for å hjelpe hovudpersonane, blir alt bytet delt på 13.

Øving gjer meister.
Øving gjer meister.

Stor valfridom

GTA V ser ut til å bli ei enorm sandkasse du kan leike deg i som du vil. Eit døme på dette er at du kan plukke opp sideoppdrag frå gata, utan å leite og bla gjennom menyar. Eit døme Gamspot nemner er korleis du kan vandre ned Vinewood Boulevard, før du brått høyrer nokon som ropar om hjelp. Dette kan vere ein kjendis som blir angripen av paparazzi. For å redde situasjonen kan du finne ein bil og køyre ho heim. I solid GTA-stil kan du gjere dette så valdeleg du berre vil, og å køyre over ein gjeng fotoentusiastar kan lett skje. Resultatet av redningsaksjonen kan vere ein ny ven som godt mogleg kan vere kjekk å ha.

Eventuelt kan du gjere det motsette. Køyrer du langs ein fjellveg kan du brått kome over ein haikar. Du kan køyre han ned om du vil, men du står naturlegvis fri til å plukke han opp, ta han med deg, og sleppe han laus blant fjelløver og coyotar. Alternativt kan du hive han på sjøen for å la han bade med haiar, eller kva no enn ditt bestialske hjarte skulle kunne finne på.

Kjerra du brukar når du gjer alle desse gode gjerningane kan du fikse på i mykje større grad enn tidlegare i serien. Du kan ta bilen på ein verkstad for å endre alt, ikkje berre kosmetiske val. Du kan gjere kjerra raskare, meir solid, og putte på den kva du måtte ynskje. Det kan høyrest ut som at Rockstar har lete seg inspirere litt av Pimp my Ride.

Grand Theft Auto V kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 17. september.

Les også: Se splitter ny GTA V-trailer
Les også: – Ingen skjult agenda bak Grand Theft Auto V-utsettelsen

Kommentarer (66)

Forsiden akkurat nå

Til toppen