Sony satsar på indieutviklarane

Lanserer eigen indie-kanal i PlayStation Store.

Ved starten av konsollgenerasjonen som no er i ferd med å nå vegs ende var det Microsoft som satsa hardast på alternative spel frå indieutviklarar. Med Xbox Live Arcade gjorde dei solide framstøt for å framheve Xbox 360 som ein konsoll der du kunne finne mykje smått og godt i tillegg til dei store kassasuksessane. Dei har til dømes hatt ein eigen indiekanal på Xbox Live Arcade, sjølv om denne aldri har blitt tilgjengeleg i Noreg.

I seinare år har dette initiativet dabba av litt, noko Sony har utnytta for å framheve sine ulike PlayStation-plattformer som heimen for indiespela. I tillegg til kritikarrosa spel som Journey, har dei i nyare tid fått besøk av smakfulle indiespel som Hotline Miami

Via den offisielle PlayStation-bloggen får vi i dag vite at Sony vil gjere enda meir for å promotere indiespela. I dag lanserer dei ein eigen indiekanal på PlayStation Store, og med dette vil dei gjere indiespel mykje meir synlege på PlayStation 3 og PS Vita, samt PlayStation 4 når den maskina blir allemannseige.

Alle spel på indiekanalen blir tilgjengelege gjennom vanleg søk òg, men ved å kategorisere dei for seg sjølv, vil det bli mykje lettare å finne potensielle klassikarar blant alle spela som er tilgjengelege i nettsjappa. I tillegg til å promotere nye indiespel vil kanalen samtidig bli heimen for ulike tilbod på indiespel. For å feire lanseringa har Sony gjort Retro City Rampage tilgjengeleg for halv pris.

Les også: The Witness debuterer på PlayStation 4 Les også: Indiebonanza på PlayStation

Siste fra forsiden