Sony vil la deg streame PlayStation-spel på PC

Elektronikkgigantens oppkjøp av Gaikai kan få uventa resultat.

I fjor kjøpte Sony Gaikai, eit selskap som på same måte som OnLive har utvikla teknologi for å la deg streame spel over nett i staden for at du må skaffe din eigen kopi. I praksis fungerer det mykje på same måte som tenester som Spotify og Netflix, men i staden for film og musikk er det spel som gjeld.

Med Gaikai vil Sony gjere sitt massive bibliotek med PlayStation-spel opp gjennom åra tilgjengeleg for streaming. Via PlayStation 4 kan du logge deg inn for å fyre opp eit spel av god, gammal årgang. Tenesta skal bli tilgjengeleg i statane i løpet av 2014, men det er uvisst når vi i Europa vil få ta del i moroa.

PlayStation til nye format?

I dag skriv VG247 at Sony-sjef Shuhei Yoshida i eit intervju med japanske Denkgeki Online har ytra ynskje om å gjere denne tenesta tilgjengeleg på meir enn berre PlayStation-maskiner:

«Det ultimate målet er å levere PlayStation-spel på alle apparat. Vi vurderer ting som PC, TV, Blu-ray, smarttelefonar og nettbrett. Håpet er å kunne vere tilgjengelege på meir enn berre Sony-produkt. PlayStation vil sjølvsagt halde fram med å vere hovudfokuset.»

Yoshida fortel vidare at PlayStation i framtida kan gå frå å vere rein maskinvare til å i framtida bli meir for ei teneste å rekne. Sony har framleis ikkje bestemt seg for om dette er vegen dei vil gå. Det vil uansett ikkje vere første gong Sony tek med seg PlayStation til nye territorium. For nokre år sidan gjorde dei PlayStation-spel tilgjengeleg på Android-mobilar via PlayStation Mobile.

Les også: Vi har testet PlayStation 4
Les også: PS Vita TV er Sonys svar på Apple TV

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen