Square Enix viser musklar

Square Enix er kongen over japanske rollespel. I går viste dei korleis dei skal behalde trona.

Side 1
Side 2

På Square Enix sin pressekonferanse i går var det tid for å gjennomgå den enorme rekka med spel selskapet har på trappene. Alt frå mobiltelefonar til neste generasjon var godt dekka, og det er ingen tvil om at det er ei rekke veldig sterke titlar på veg.

Skjermbilde frå Children of Mana til DS.

Konferansen byrja med eit raskt overblikk, før vi fekk sjå ei rekke videoar frå så og seie alle spela, med ei god blanding film- og spelsekvensar. For å gjere det heile litt meir systematisk enn å hoppe fram og tibake i format slik pressekonferansen gjor, byrjar vi med det minste formatet, og bevegar oss i stødig tempo opp mot neste generasjon. Sjølv om konsollkrigen mellom dei forskjellige maskinene så vidt er i gong, kjem det mange svært interessante titlar til plattformer som har godt fotfeste frå før.

Handholdt moro

Til dei handholdte konsollane utmerka spesielt action-rollespelet Children of Mana til Nintendo DS seg som eit spel som kan være verdt å halde eit auge med. Dette spelet blandar animerte sekvensar i tradisjonell anime-form med moro for opp til fire spelarar samtidig. Noko som er veldig interessant med Children of Mana er at kvar handling har ein motreaksjon. Noko nøyaktig forklaring på dette systemet fekk vi ikkje, men på videoen kunne ein tydeleg sjå gode eksempel på korleis dette fungerar. Om du slår nokon, kan denne til dømes sprette bakover, kollidere med andre, og skape kjedereaksjonar av kaos. Om kontrollen sit som den skal ser dette svært lovandes ut.

Bilde frå DS-spillet Dragon Quest Heroes: Rocketslime.

Action-eventyrspelet Dragon Quest Heroes: Rocketslime er eit anna spel som trass i at det såg passe banalt ut, ser ut til å kunne bli ei kanonkule av moro på Nintendo DS. I dette spelet trer du inn i rolla som Rocket, eit slim frå ein by full av andre slim. Om du har sett dei blå slimkulene frå Dragon Quest-serien burde du ha litt omgrep om kva eg refererar til. I følge videoen blir heimbyen hans invadert av noko som minnar om høner i store krigsmaskiner, og er til slutt den einaste som ikkje har blir teke til fange. Han finn ein stridsvogn, og med denne skal han gi hønene grisebank. Spelet er eit action-eventyr der Rocket må hoppe og strekke seg sjølv for å kome seg fram i verda, og redde andre slim. Kvart brett toppar seg med stridsvogna, der du skal skyte andre slim mot fiendens tank. Desse tankane kan oppgraderast som du vil for å skape det ultimate våpen for å skyte slim.

I dag kunne Square Enix også offentleggjere at Final Fantasy Crystal Chronicles får ein Nintendo DS-versjon. Spelet heiter Ring of Fates, og dessverre var det ikkje så mykje å få ut av videoen om korleis spelet fungerar i aksjon. Vi fekk sjå nokre filmsekvensar, og nokre levande bilete som illutrerte korleis det er å springe rundt i lag med tre andre spelarar.

Bilde fra Crisis Core: Final Fantasy VII til PSP.

Ein anna handholdt tittel mange har venta på å få høyre meir om er Crisis Core: Final Fantasy VII. Dette er det siste leddet i Square Enix sin Compilation of Final Fantasy VII, som til no inneheld spelefilmen Final Fantasy VII: Advent Children, Dirge of Cerberus: Final Fantasy VII - som set deg inn i rolla som den mørke og mystiske Vincent Valentine, og Before Crisis: Final Fantasy VII, som er eit mobilspel. Vi fekk ikkje sjå noko av korleis sjølve spelet fungerar, men vi fekk være vitne til ein lengre historiesekvens som ser ut til å vere rendrert med spelets grafikkmotor. Det ser absolutt lovandes ut, og fokuserte på Zack, som var ein del av Solider, ei gruppe soldatar både Cloud og Sephiroth var medlem av. Grafikkstilen er ein mellomting mellom den meir realistiske stilen vi finn i Advent Children, og manga-stilen frå Final Fantasy VII.

Eit av dei mest interessante handholdte spela er uansett Final Fantasy III, som er det einaste spelet i serien som aldri kom seg ut frå Japan. Denne utgåva av spelet er fullstendig redesigna for Nintendo DS, og vi fekk sjå flotte filmsekvensar, og mange glimt frå spelet som tydeleg viser at dei held seg til røtene. Spelet har fått seg ei drastisk ansiktsløftning, og den grafiske stilen nok minne mange om Final Fantasy IX.

DS-spelet Final Fantasy III.

Ei rekke andre spel blei også vist til dei handholdte plattformene. Til dømes Final Fantasy V og VI til Game Boy Advance. Valkyrie Profile: Lenneth er ein oppussa versjon av kult-klassikaren Valkyrie Profile til PSOne, og i tillegg kjem dei med ei rekke spel til mobiltelefonar. Blant anna kjem det aller første Final Fantasy til din telefon, i tillegg til ei rekke spel frå Square Enix sitt siste oppkjøp; Taito. Til dømes er Space Invaders 3D eit spel du kan rekne med å få kose deg med. I tillegg blei det annonsert at Square Enix er i gang med å lage enda eit nytt Mana spel, dette også til mobiltelefonar.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden