Stridsrobotane er tilbake

MechWarrior Online-beta startar i morgon.

MechWarrior er faktisk blant dei eldste, aktive spelseriane vi har. Det første spelet dukka opp i 1989, og etter den tid har serien fått ein solid tilhengjarskare. Tragisk nok har det likevel gått over ti år sidan førre gong vi kunne ta på oss rolla som ein MechWarrior, og setje oss inn i cockpiten på ein BattleMech.

Dette er derimot kjapt i ferd med å endre seg. Allereie i morgon kan du bli med på betatesten til det komande MechWarrior Online, skriv Eurogamer. Sjølv om dette spelet skjer på nettet, blir det heilt gratis utover inngangsbilletten. Førehandssalet har gått temmeleg bra, og Pirahna Games har så langt raska saman heile fem millionar dollar frå spelarane allereie før lansering.

I MechWarrior Online får du stor valfridom til å skreddarsy di eiga rolle. Du kan bli alt frå krigar til speidar og skarpskyttar, og kva rolle du tek på deg skal etter sigande få mykje å seie for opplevinga di. Du kan skru saman maskineriet ditt slik du sjølv vil, og å tilpasse skranglekasse di rolla du har teke på deg er essensielt.

Klar for krig?

Deretter kjem naturlegvis jobben med å finne seg ein plass i verda. Du kan spele aleine om du skulle ynskje, men vi blir alle sterkt oppmoda om å spele på lag med andre for å utnytte rollene våre best mogleg.

MechWarrior Online blir bygd på CryEngine 3-teknologien til CryTech, og ser absolutt ikkje så verst ut. Om du har lyst til å bli med på betaen er det berre å ta turen over til den offisielle nettstaden til MechWarrior Online.

Les også: Krigsroboter stamper vår vei Les også: Anmeldelse: Front Mission Evolved

Siste fra forsiden