Syndicate-«oppfølgjar» nådde målet

Alt klart for konspirasjonar og infiltrering i Satellite Reign.

For omlag ein månad sidan fortalde vi om Kickstarter-kampanjen for spelet Satellite Reign. Spelet blir utvikla blant anna av ei rekke folk som var med på å lage dei originale Syndicate-spela hos avdøde Bullfrog. Målet med kampanjen var å samle inn 350 000 dollar slik at dei kunne gå i full sving med å lage eit spel i same gate som Syndicate.

Med tre dagar igjen før kampanjen er over har dei no nådd målet sitt. I Satellite Reign får du ta kontroll over fire agentar i ei verd full av store multinasjonale selskap og mykje korrupsjon. Korleis du vil handtere dei ulike utfordringane som møter deg skal vere veldig opp til deg.

Om du vil kan du velje den valdelege vegen, men spelet vil òg la deg bruke meir kyniske framgangsmåtar. Du kan til dømes bestikke folk, utføre nokre ran for å samle inn pengar, eller kanskje kidnappe nokre legar for å gjere agentane dine betre. Alt vil skje i ein diger by utviklarane seier er levande og vil reagere på alt du gjer.

For å freiste folk til å opne lommeboka har utviklarteamet lagt ut ein video som viser korleis dei ser føre seg at spelet vil bli sjåande ut. Den kan du sjå nedanfor.

Satellite skal etter planen vere ferdig for Windows, Linux og Mac desember neste år. Kickstarter-spel har ein liten tendens til å bli utsette, så det er kanskje ein idè å ta dette lanseringsvindauget med ei ørlita klype salt.

Les også: Anmeldelse: Syndicate Les også: Deep Silver gir ut butikkversjonen av Wasteland 2

Siste fra forsiden