TERA blir gratis

Det koreanske MMOet hiv seg på gratistrenden.

For å freiste fleire spelarar til å ta turen innom den fargerike verda i TERA, har den europeiske utgjevaren Gameforge kunngjort at TERA no blir gratis, får vi vite via VG247.

Abonnementskravet vil forsvinne i løpet av februar, og vil føre med seg fleire endringar for spelarane. Alle som har kjøpt spelet og har – eller har hatt – ein aktiv konto vil bli oppgraderte til Veteran-status. Dette vil blant anna seie at du får lage fleire figurar i spelet og sende meir gull med posten.

Om du har eit aktiv abonnement vil du i tillegg automatisk bli medlem i TERA Club. Eit medlemskap her vil i praksis fungere på same måte som å ha eit betalande abonnement, men du vil få fleire bonusar andre spelarar ikkje får nyte godt av. Døme på dette er fleire erfaringspoeng, tilgang på fleire oppdrag, og ei rekke eksklusive gjenstandar og ridedyr.

Skjermbilete frå TERA.

Uavhengig av kva medlemskap du har, vil du få tilgang på det fulle spelet, men om du vil bruke pengar kan du gjere det i ein komande butikk i spelet. Den vil blant anna tilby gjenstandar som elles må kjøpast for dyrebare mengder gull i spelet.

TERA har ikkje vore heilt utan kontroversar sidan lanseringa. For omlag eit år sidan fekk vi høyre at NC Soft saksøkte utviklarane hos Bluehole Studioes. Dette fordi fleire avhopparar frå NC Soft gjekk over til Bluehole, og NC Soft meinte desse avhopparane hadde teke med seg konfidensielt materiale og innhald frå Lineage 3.

Seinare på året blei det bråk då den europeiske versjonen av TERA blei sensurert. Dette gjekk i første rekke ut på at det var mykje mindre blod i vår versjon enn kva dei fekk servert i resten av verda, men og fordi ein rase av små jenteliknande figurar fekk nye klesdrakter som avslørte hakket mindre hud.

Les også: No kan du melde deg på Final Fantasy XIV-betaen Les også: Blade & Soul til vesten

Siste fra forsiden