Terraria får mobilversjon

Snart kan du byggje kva du vil på mobilen.

Sandkassespelet Terraria har fått solid popularitet på PC. Spelet som på mange måtar kan skildrast som Minecraft i 2D blei så populært at det omsider fekk ein konsollversjon som gjorde solid sukess på Xbox 360 og PlayStation 3.

Ein versjon er allereie på veg til PS Vita, og no kan VG247 fortelje at utgjevaren 505 Games har kunngjort ein mobilversjon av spelet. Denne versjonen vil få eit heilt nytt kontrollsystem bygd opp for trykkskjermar, ranglister, prestasjonar og integrering med Facebook.

Nøyaktig kva mobilplattformer spelet kjem til har ikkje 505 Games vore heilt klare på. Skal vi sjå på tidlegare mobilspel som nokon indikasjon kan vi nok forvente oss iOS- og Android-versjonar i første omgang, før ein eventuell Windows Phone-versjon dukkar opp seinare.

PC-versjonen av spelet fekk god mottaking her hos oss, men spelet er absolutt ikkje for alle, noko det ikkje gjer nokon forsøk på å skjule:

«Spelet representerer ei retning innanfor spelutviklinga som er relativt ny, og ein skal hugse på at denne type spel slett ikkje er for alle. Dette er eit spel for dei som likar å vere kreative og ikkje treng ei spelhistorie med stemmeskodespel, videoar og liknande.»

Les også: Terraria i vinterdrakt Les også: Tidlig suksess for Terraria i rommet

Siste fra forsiden