TEST: Trust GXT 180 Kusan
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

E-sportmus til tre hundrelappar

Det treng ikkje koste mykje å vere treffsikker.

Nederlandske Trust Gaming har lenge dominert billigklassen av gamingmus med ei svær produktrekkje til under femhundrelappen. Eg har aldri prøvd meg på desse, så eg var nysgjerrig då me fekk tilbod om å teste nokre nye produkt frå produsenten. Først ute var den vertikale gamingmusa deira, mens no kikkar me på e-sportmusa Trust GXT 180 Kusan, som er utvikla i samband med Epsilon Esports.

Dette er ei mellomstor datamus med ambidekstridesign, men som er best eigna for høgrehendte på grunn av sideknappane. Kusan kjem med fem knappar pluss eit klikkbart rullehjul, og ein Pixart PMW3325 sensor. Prisen ligg i skrivande stund rett over 300 kroner, men den har vore heilt nede på 240 kroner ved sal.

Les også: Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus »

Design

Det første som slår meg med GXT 180 er finishen. Overflata er dekkja av myriadar av ørsmå prikkar, som i byrjinga kan verke ruglete mot fingrane. Dette forsvinn etter nokre timar med bruk. 

Vakker er den ikkje, men forma er utan tvil behageleg. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

GXT 180 er på grensa mellom stor og mellomstor. Den er relativt låg, og har lange museknappar som gjer at toppunktet ligg lengre bak enn det ein vanlegvis ser på gamingmus. Både med klo- og handflategrep ligg den likevel godt i handa. Dette er definitivt blant dei betre formane eg har prøvd, og dei fleste bør enkelt kunne venne seg til den. Forma minner ein del om Logitech G Pro Trådlaus, berre at G Pro er litt rundare over toppen, mens denne har flatare museknappar. Det kan heller ikkje skyvast under teppet at GXT 180 har eit stygt design. 

Sidene har lite bøy, men det er nok støtte for tommelen. Den svarte plasten på sidene har ein del meir grep enn den på toppen, som gjer at ein ikkje vil trenge grepsteip eller liknande, sjølv med sveitte fingrar.

Når eg legg musa på vekta, viser displayet rundt 107 gram med litt kabel. Det er framleis innanfor rekkjevidde for dei som likar lette mus til skytespel, men eg syns godt Trust kan jobbe med å få denne ned på 90-talet. Det same gjeld kabelen. Den er av gummi, som er eit minus i seg sjølv, og kjenst tyngre enn den treng vere. Ein bungie vil fjerne det problemet.

Knappar

Sideknappane er ei klar svakheit med lang vandring og mjuk feedback. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Trust GXT 180 Kusan har altså fem knappar samt eit klikkbart rullehjul. Her byrjar produktet å vise kvifor det har såpass låg pris, for kvaliteten på desse er noko varierande. Sideknappane har ei passande plassering rett over tommelen, men dei har ein veldig merkeleg feedback. Knappane er skikkeleg mjuke, og har omtrent ingen motstand når eg trykkar dei inn. Dette er moglegvis noko som kjem ned til smak, men etter å ha testa rundt 25 mus det siste året er dette sideknappane eg har likt minst. Den lange vandringa hjelper heller ikkje saka. Det kjenst litt som eg presser på eit gamalt strikk som har mista motstanden det ein gong hadde. Zowie sin EC-serie har nokre liknande knappar, og sideknappane der er utan tvil den verste delen av musa. Desse er endå verre. 

Høgre- og venstre museklikk er ikkje heilt som dei skal vere heller – delvis på grunn av det same problemet. Dei er ikkje på langt nær like mjuke å trykke på som sideknappane, men framleis meir enn det ein kan forvente av ei gamingmus. Knappane produserer òg ein raslelyd viss ein trykker fort, nesten som noko er laust. Huano-brytarane i seg sjølv fungerer som dei skal, men det verkar som det er ein feil med sjølve knappen.

Elles finn me ein PPT-knapp på toppen. Den stikk ikkje ut, men er heller laga på same vis som museknappane, som er eit fiffig triks. Det fungerer nett like bra som ein «vanleg» PPT-knapp. Rullehjulet gjer òg jobben med klart definerte trinn, sjølv om det er litt tyngre enn eg likar.

Sensor

Det er lett å vere skeptisk til sensorar som ikkje er på nivå med PMW3360, men PMW3325 held lett følgje. På papiret har sensorar som PMW3360 høgare «malfunction speed», som gjer at ein kan bevege musa raskare utan at den spinn ut. Men sjølv i ein «tilt slam»-test spinn ikkje GXT 180 ut.

Sensoren er feilfri. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med andre ord er det lite sannsynleg at sensoren gir deg noko trøbbel her. Pikselsporinga verkar nøyaktig og jamn sjølv på låg PPT, og difor er dette eit trygt val. PMW3325 er ein av dei betre sensorane i mellomsjiktet, og den same som me testa i vertikale Trust GXT 144 Rexx sist veke.

Grensa for PPT med PMW3325 for GXT 180 er sett såpass lågt som 5000, men med mindre du har ekstremt høg følsemd er ikkje det noko problem.

RGB og programvare

Av ein eller anna merkeleg grunn har Trust Gaming laga separat programvare for kvart av produkta deira. For oss teknologijournalistar som har fleire produkt blir det litt tungvint i lengda, men det er vel neppe mange andre som vil tenkje meir over det. 

Nett som den førre versjonen me testa for GXT 144 Rexx, får du ei relativt grei oversikt over funksjonar, men med eit heller antikvarisk design. Ein får sette opp fem ulike profilar der du lagrar innstillingar for ting som oppdateringsrate, PPT, museakselerasjon og fart på rullehjulet.

RGB-elementa i rullehjulet, på sideknappane og på baksida av musa har nokre få alternativ, der du kan rullere mellom pusteeffekt, faste fargar og ein modus som skiftar mellom ulike fargar over tid. Lysstyrken er ikkje all verda, men dette er tross alt eit produkt i billigklassen. Det at det sit lyselement i sideknappane gjer òg at du faktisk ser fargane mens du brukar musa. Overraskande få produkt har slik RGB så Trust skal få eit pluss i boka for det. 

Konklusjon

Med tanke på prisen er Trust GXT 180 Kusan eit solid produkt. Sensoren er glimrande, forma god, og vekta er innanfor. Om ein driv med skytespel, MOBA eller RTS vil GXT 180 gi deg det du treng utan å gjere noko nemneverdig innhogg i banksaldoen. Det er nokre minus når det kjem til byggekvaliteten på sideknappane og museknappane, men det er ikkje akkurat dei viktigaste omsyna.

Konkurransen i denne prisklassen er noko laber, då veldig mange av dei billige datamusene er reint søppel å rekne. Me snakkar lasersensorar, liksom. Det bør ein halde seg langt, langt vekke frå. Unntaka finst, men først og fremst via toppmus som har gått ned i pris, eller produkt som SteelSeries Rival 110. No må eg nemne at eg vanlegvis vurderer produkt ut frå lanseringspris, og då stiller Trust GXT 180 ein del svakare til rundt 500 kroner. Men i og med at me er nesten eit år på etterskot av lanseringa, så ser eg vekk frå dette her. 

Uansett er forskjellane mellom dei ulike prisklassane såpass små at eg ville bladd fram nokre ekstra hundrelappar. Det er òg grunnen til at me set karakteren til 6 av 10. Hadde me sett isolerte karakterar for kvar prisklasse ville den nok scora høgare, men det blir tungvint og misvisande når dei reelle forskjellane i pris ikkje er så mykje å snakke om. Trust GXT 180 er ei gamingmus som vil gi deg det du treng til Counter-Strike, Apex Legends eller kva enn anna du puslar med. Samstundes finst det langt betre produkt der ute, og dei kostar ikkje noko særskild meir. 

Les også: Me kåra den beste gamingmusa frå 2018 »

Vurdering

6/10
Nokså godt
"Solid produkt med tanke på prisen, men når ikkje heilt opp. "

Pluss

  • Topp sensor
  • Billig
  • God form
  • RGB som faktisk synes når musa er i bruk

Minus

  • Tung gummikabel
  • Svake sideknappar
  • Rasling i museklikka

Kommentarer (3)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen