The Conduit kjem til mobil

Wii-skytespelet får penare grafikk og trykkontroll.

Wii var aldri den heilt store konsollen for deg som likar skytespel. Nokre utviklarar prøvde seg likevel på å skape litt action på den vesle konsollen. High Voltage satsa til dømes stort på The Conduit. Spelet klarte ikkje heilt å konkurrere mot betre skytespel på andre plattformer, men presterte likevel å underhalde.

Snart får The Conduit nytt liv. Skytespelet er på veg til Android-mobilar som køyrer på Nvidias Tegra-grafikkteknologi.

Slik ser The Conduit ut på mobil.

På Wii brukte du Wiimoten til å peike på det du ville skyte. På Android-mobilar får spelet naturlegvis eit heilt nytt kontrollsystem der du trykkjer på skjermen for å fyre av salvene dine. Om du likar knappar til skytespela dine kan du derimot gjere det sidan spelet støttar GameStop sin Android-kontroller.

For å sjekke om du liakr spelet får du spele dei to første oppdraga gratis, men etter det må du opne lommeboka for å låse opp resten av nivåa.

I The Conduit blir Washington D.C. angripe av noko så uventa som romvesen. I rolla som Michael Ford blir det din jobb å rydde opp i problema ved å pumpe dei utanomjordiske kreka fulle av bly frå dei 18 våpna spelet byr på. Ved sidan av å skyte beist frå rommet byr spelet òg på ei og anna tankenøtt.

The Conduit for Android har ikkje fått nokon bestemt dato, men kjem i løpet av første kvartal.

Les også: Nvidia slipper egen spillmaskin Les også: – Vi skal hente det beste fra Xcom og Jagged Alliance

Siste fra forsiden